SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Industri og næringsliv i Askvoll:

British Aluminium Company

Stangfjorden Elektrokemiske Fabriker. Foto: Paul Stang
Stangfjorden Elektrokemiske Fabriker. Foto: Paul Stang
British Aluminium Company (BACO) bygde i 1908 Nordens første aluminiumsfabrikk i Stongfjorden. Fabrikken var i drift til 1945, og hadde på det meste kring 70 tilsette.

Publisert 20.02.2001 22:05. Oppdatert 13.11.2006 13:39.

Det starta med torv og jod

BACO overtok kraftressursane i Stongsfossen frå eit selskap som sidan 1897 hadde drive ein torvkolfabrikk med kraft frå fossen, og seinare ein jodfabrikk. Bak dette selskapet stod m.a. overrettssakførar Kristian Faye frå Bergen og fabrikkeigar Peder Jebsen frå Dale i Hordaland. Dei hadde sikra seg ei torvmyr på Fure (sjå Fjaler) på sørsida av Vilnesfjorden, og satsa på brenning av torvkol.

Dette var lite lønsamt, og etter kort tid gjekk dei over til jodproduksjon. Råstoffet her var tareoske. Sanking av tare til torvkolfabrikken i Stongfjorden vart ei viktig binæring for øyfolket både i Sunnfjord og Sogn i den tida fabrikken var i drift fram til 1910. - Sjå m.a. Tangskjæring og taretråling i Solund kommune.

BACO kjøper fallrettane

Jodproduksjonen hadde ikkje trong for elektrisk straum, og Faye/Gjertsen selde difor fallrettane til British Alumina Company (BACO) i 1906. Med på handelen fylgde kaier, to bustadhus og den nedlagde torvkolfabrikken.
Stangsfossen etter utbygginga i 1907. Foto: Paul Stang

BACO sette 250 arbeidarar i gang med å byggje store damanlegg og rørgater. Anleggsfolket budde i brakker innover fjella, og i 1907 var anlegget ferdig.
Stongfjorden i 1908. Foto: Paul Stang

Engelsk direktør

Aluminiumsfabrikken starta produksjonen i 1907, og hadde engelsk direktør frå starten. Direktørbustaden på Stang vart reist på eit platå med to dekar tomt og flott utsikt. I 1911 vart Maurice Russel Turner direktør. Han gifta seg med ei kvinne frå
Stavenes. Han vart også medeigar i eit lite skipsbyggjeri som ei tid bygde motorbåtar i Stangfjæra.

M. Russel Turner styrde fabrikken fram til krigsutbrotet i 1940, då han og familien måtte røme til England. Kjemiingeniøren Endre Svanøe (1897-1976) frå Oslo med slekta på Svanøy, tok no over som direktør og styrde fabrikken til den vart nedlagt i 1945.

Men heilt frå starten var driftsingeniøren norsk: Martinus O. Haugen var med frå starten i Stongfjorden i 1906, og var driftsingeniør til 1932.

BACO bygde det meste

Kanal med vatn frå fabrikken. Bygningen er "Baden" - folkebadet som BACO bygde. (Foto: Arild Nybø, NRK)
På same vis som vi seinare finn det i Svelgen, Høyanger og Årdal, så organiserte fabrikk-eigaren det mest av det som skulle til av infrastruktur i det nye industrisamfunnet i Stongfjorden:
I bygda vart det i tillegg til fabrikkhall og kraftstasjon også reist arbeidarbustadar på Småbakkane – "Gata" – som husrekkja vart kalla.

Stongfjorden fekk elektrisk gatelys i 1908 – som ein av dei første stadane i landet som fekk slik luksus! BACO fekk også reist skule og folkebad.

Selskapet kjøpt inn skyssbåtane "Rabben" og "Stangfjord", og heldt stongfjordingane skyssbåt til Askvoll heilt fram til 1933. "Stangfjord" er teken vare på som kulturminne, og ligg lagra ved Jensbua i Fjaler.

Fluoren gjer skade

Elektrolyseprosessen i omnane førde til store utslepp av fluor over bygda. Graset kring fabrikken vart brunsvidd, og bufeet fekk store skadar i skjelettet. Gardbrukaren Bertel Gjerde fekk etter lang kamp 500 kroner året i erstatning for ulempa. Men etter ei tid slutta BACO å betale ut. Dei meinte det var generelt dårleg fôring som førde til sjukdom på bufeet.

Etter nye granskingar vart det vitskapeleg prova at fluoren skapte skadane, og i 1932 fekk gardbrukarane på Gjerde utbetalt til saman 6.500 kroner i skadebot, pluss årlege erstatningar så lenge fabrikken var i drift. Men bøndene som var hardast råka, måtte slutte med husdyrhald.
Utstilt turbin frå BACO-tida. (Foto: Arild Nybø, NRK)

Arbeidskamp og streik

I anleggstida vart mykje av arbeidet utført av tilreisande rallarar. Slik som vi kjenner det frå Høyanger eit ti-år seinare, tok anleggsslusken med seg radikale politiske idear utanfrå, og var tøffe til å stå på krava når løn og arbeidstid vart fastsett.
1. mai-tog i Stongfjorden i 1907. Foto: Paul Stang

Alt i 1907 gjorde arbeidarar ein freistnad på å skipe fagforeining. Men sjølv om det var mislukka, vart det likevel feira 1. mai med tog og tale for dagen, der kravet om 8-timarsdag stod sentralt.

Stangfjordens Kjemiske Industriarbeiderforening vart skipa i 1925 etter opptak frå Sverre Johannessen, som kom frå Sotra. Stangfjordens Forenede Arbeidarlag vart skipa i 1927, med Sverre Johannessen som ei drivande kraft dei første åra. 100 personar møtte fram til første agitasjonsmøtet, og 22 melde seg inn frå starten. Laget fekk eige AUF-lag i 1935 med 18 medlemmer frå starten.

I 1937 gjekk medlemmene til fem vekers streik med krav om m.a. nedsett arbeidstid på laurdag og på helge- og høgtidsdagar. Streiken gav to øre meir i timen, og ferien vart auka frå 10 til 12 dagar i året!
M/B "Stangfjord" som BACO kjøpte i 1933. foto frå Sogeskrift for Askvoll kommune

Slutt på aluminiumsproduksjonen

Drifta ved Nordens første aluminiumsfabrikk i Stongfjorden vart innstilt i 1945. Mange arbeidarar reiste då til Høyanger og Årdal.
Anlegg og kaier vart 1948-1952 brukt som notbøteri og båtbyggjeri av Norges Fiskarlag.
Viking Global i Stongfjorden har overteke der BACO heldt til, og produserer oppdrettsmærar. Selskapet høyrer inn under Helle fabrikker. (Foto: Arild Nybø, NRK)

Selskapet som dreiv, heitte Stongfjordanleggene A/S. I 1963 starta Helle Fabrikker avdeling i den gamle fabrikkbygningen. Då Helle Fabrikker fekk ordresvikt og økonomiske problem i 1977, selde dei unna kraftstasjonen og fallrettane som høyrde til i Stongavassdraget til Ytre Fjordane Kraftlag - YFK.

MEIR OM ASKVOLL 
Askvoll kommune

 
Aviser og media i Askvoll
Historia i Askvoll
Industri og næring i Askvoll
Kjende personar i Askvoll:
Kommunehistoria i Askvoll
Krigshistoria i Askvoll
Kyrkjer i Askvoll
Samferdsle i Askvoll
Skular i Askvoll
Verd å sjå i Askvoll

 
Lyd frå Askvoll
Video frå Askvoll
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no