- to dømde for mord på ei kvinne, og enkjemannen dømd for utruskap med ei anna kvinne som også vart dømt.
Ei av dei merkelegaste sakene om ærekrenking finn vi i Vetlefjorden. I eit gjestebod skulda ein bonde ein annan for å ha gjelda (kastrert) sin eigen hest. Den fornærma fekk saka inn for retten...
Jens Endreson Kvamme stal fattigbøssa i Kvamsøy-kyrkja. Han vart dømd til halshogging, men slapp med to års tukthus.
Då buet etter ein avdød skulle gjerast opp, var heimebrentapparatet søkk borte. Etter ei tid fann ein heimebrentapparatet heime hjå presten.
Pengemakaren i Tusvik
På garden Tusvik aust for Nessane vaks det på slutten av 1700-talet opp ein kar som heitte Ola. Han ville reise ut, men mangla pengar. Då laga han seg like godt ei støypeform og støypte sine eigne 2-skillingar. Han hadde greidd å bruke tre heimeavla myntar før han vart teken. Kva han fekk i straff for falskmynteriet, er ukjent.
Reisepengar frå kollekt
Ein husmann frå Farnes vart kalla "Reisande-Erik" fordi han var mykje ute på reise. Han dreiv som murar på 1800-talet, og var eit tid på fiske. Ein gong mangla han pengar til heimreise, men var ikkje rådlaus: Han skipa til eit møte av eitt eller anna slag, og der tok han kollekt.
Dermed fekk Reisande-Erik pengar til å kome seg heim!