skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Val 2005 S&F 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Val 2005 Sogn og Fjordane Sist oppdatert 06:52
NRK Sogn og Fjordane
Boks 100
6801 FØRDE
Tlf: 57 72 42 42

Nordfjordkontor:
57 85 24 25
Sognekontor:
57 67 58 10

Distriktsredaktør:


 

- Renteauke et opp lovnader

- Dei raudgrøne lovnadane om meir pengar til kommunane vil bli oppetne av ein renteauke. Det seier andrekandidat for KrF, Trude Brosvik.

Publisert 05.09.2005 12:02. Oppdatert 05.09.2005 13:05.
Av Lars Petter Degnepoll

Trude Brosvik. Foto Randi Indrebø NRK
Ho gir eit spark til Arbeidarpartiet og Harry Mowatt, som har sett opp eit "raudt" budsjett for Hyllestad kommune. Det ho siktar til er at ordførar Harry Mowatt og Hyllestad kommune alt har lagt dei raudgrøne lovnadene om meir pengar til kommunane inn i budsjettet.

- Renteauke vil svi

Men kommunane i Sogn og Fjordane har til saman 4,3 milliardar kroner i langsiktig gjeld, og ligg godt over nivået elles i landet. Dermed vil ein renteauke råke hardt.

Hyllestad har spart fire millionar

Trude Brosvik, som sit i representantskapen til Norges Bank, seier Hyllestad kommune har spart om lag fire millionar kroner på rentenedgang under den sitjande regjeringa. Brosvik meiner Mowatt må budsjettere med renteauke om dei raudgrøne skal innfri lovnadane sine.

Mowatt avviser

Men Harry Mowatt avviser at ei raudgrøn regjering kjem til å føre til renteauke. Han påpeikar at Arbeidarpartiet har tradisjon for å føre ein ansvarleg økonomisk politikk. - Det er stor usemje mellom økonomane om kva som fører til renteauke. Mange meiner det stikk motsette av det som Brosvik hevdar, seier Mowatt.

- Ikkje gjort det berre lett

Men Brosvik meiner det er grunn til å vere bekymra både for arbeidsplassar i distrikta og for kommunale tenester om renta går opp. Ho vedgår likevel at den sitjande regjeringa ikkje har gjort det lett for kommunane.

Siste saker:
Siste saker:
Siste saker:

 
VALG 2005 - SISTE SAKER
 
 

- Sp størst sjanse til statsrådpostar

Senterpartiet i fylket ligg best an til å få ein statsråd i ei raudgrøn regjering. Det meiner valkommentator Knut Henning Grepstad.

Ap-samarbeid for posisjonar

Arbeidarpartiet i fylket vil samarbeide med dei andre arbeidar-partilaga på Vestlandet for å samordne kampen for posisjonar i den nye regjeringa. Det seier fylkesleiar Tor Bremer.

76,6% valdeltaking

76,6 prosent av dei røysteføre i Sogn og Fjordane røysta ved stortingsvalet. Det er 0,6 prosentpoeng betre enn ved valet for fire år sidan, men to prosentpoeng dårlegare enn ved valet for åtte år sidan.

 
Valg 2005

Hovedside for Valg 05

Valgresultatene

Test din stemme

Sammenlign partiene

Spør partilederne!

Næringspolitisk utspørring

Geir Helljesens valgskole

Partihistorie

Valg-Sudoku

Helljesens vanskelige valg-quiz

Valgfleskspillet

På radio og TV

 

Valresultat 2005

Her kan du sjå valresultatet for Sogn og Fjordane og kvar enkelt kommune i fylket.

Paneldebatt i NRK Sogn og Fjordane

Kampen om kven som skal representere Sogn og Fjordane på Stortinget har aldri vore jamnare. I ettermiddags-sendinga fredagen før valet var førstekandidatane samla til debatt.

Valquiz 2005

Kor mykje veit du om kandidatane våre? Her kan du teste deg sjølv. Valdagen trekkjer vi ut ein vinnar, og sender eit krus i posten.

Resultatet i BT-målinga

Her kan du sjå resultatet av augustmålinga til Bergens Tidende.

Kjendis-valkamp

Rolf Sanne-Gundersen Foto: NRK Kvifor bryr vi oss om meir eller mindre interesserte politikarar som reiser land og strand rundt med ein vag og uklar bodskap, spør kommentator Rolf Sanne-Gundersen.
  [NRK Sogn og Fjordane]

Frp-thriller i Sogn og Fjordane

I Sogn og Fjordane går det mot eit svært spennande val. Framstegspartiet kan få sitt første mandat nokon sinne.

Kva meiner partia?

Her kan du samanlikne kva partia meiner om dei viktigaste politiske sakene.

Geir Helljesens valgskole

NRKs valgveteran gir deg et lynkurs i valgkunnskap. Noe du lurer på? Valgskolen finner du her.
10 SISTE VALGSAKER
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no