Fylkesleiar i Arbeiderpartiet, Tor Bremer, kan ikkje gjere greie for når saka om oljekonsesjonar i Nordsjøen har vore oppe som eige tema i partiet.
Av
Arne Eithun
|
Tor Bremer. Arkivfoto Arild Nybø NRK |
Onsdag morgon sa Bremer at denne saka er godt forankra i partiorganisasjonen. Men det finst ikkje formelle vedtak eller møtereferat på at dette er partiet sitt offisielle synspunkt.
Finst ikkje dokument
Tor Bremer greier ikkje å tidfeste når eit fleirtal i Arbeidarpartiet i Sogn og Fjordane vart samde om at Hydro bør bli nekta oljekonsesjonar i Nordsjøen dersom dei ikkje fer fint med arbeidsplassane i Høyanger og Årdal, slik Reidar Sandal sa på eit debattmøte på Sandane i helga. Det finst ikkje eit skriftleg dokument på at dette er partiet si offisielle linje.