|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Samferdsle i Flora: FylkesbaatruteneDen øyrike og oppdelte Flora kommune har truleg "fylkesrekord" i tal stoppestader for
Fylkesbaatane: Kring 1920 hadde Fylkesbaatane i alt 186 stoppestader, og av desse låg 19, eller godt over tiandeparten, i noverande Flora storkommune. Publisert 16.04.2007 12:50. Rutesenteret FlorøFlorø vart stoppestad for Fylkesbatane frå dei vart skipa i 1858 Etter kvart som det lokale rutebåtnettet innover fjordane vart organisert, vart Florø ei av dei viktigaste hamnene til Fylkesbaatane. Frå ca. 1878 til midt på 1960-talet nytta Fylkesbaatane den såkalla Fylkeskaia midt i byen til ekspedisjonskai. Frå 1914 til 1967 var det firma Hopen & Solheim (skipa av Karl Hopen og Simon Solheim) som ekspederte båtane på Fylkeskaia.
Frå midten av 1960-talet har Fylkesbaatane halde til på Fugleskjærskaia. Det gjorde også ferja Florø-Smørhamn og dei mange hurtigbåtrutene som trafikkerer øyane
i Flora m.a. med skuleskyss.
Fylkesbaatane starta ekspressbåtruter i 1970. Ekspressbåten Bergen-Nordfjord legg til ved Fugleskjærskaia.
Kinner teke med i eit oversyn over stoppestader for Fylkesbaatane i 1868. Frå 1890-talet vart Kinnesund trafikkert av dampskipet ”Balder”. I 1913 vart ekspedisjonen flytta til Rognaldsvåg på austsida av Kinnasundet, på øya Reksta.
Kinnasundet– sjå Kinn.
Rognaldsvåg– sjå Kinn.
Kvalstadpå Svanøy fekk rutestopp av Fylkesbaatane i 1868. Seinare vart stoppestaden Svanøybukt. Den same namneendringa kom for postkontoret på øya.
Svanøybukt– sjå Kvalstad.
"Hornelen"-forliset ved SvanøyI romjula 1915 forliste d/s "Hornelen" då han støytte på eit skjer ved Svanøy og sokk. Båten kom i rute frå Førde og hadde 27 passasjerar ombord då den gjekk på skjeret ved innseglinga til Svanøybukt. Båtsmann Ole Stien frå Eivindvik i Gulen omkom. 12 av passjerarane vart berga av ein lokal robåt, medan resten av passasjerar og mannskap hamna i den iskalde sjøen, og måtte stå på eit lite skjer til rutebåten "Balder" kom til og berga dei.
Tansøyfekk rutestopp i 1868, og vart kopla inn på ei nordfjordrute i 1877.
Eikefjordfekk rutestopp av Fylkesbaatane i 1877. Bygda vart saman med Svortevik og Florø kopla inn på ei rute til Nordfjord.
Svortevikfekk stjernestopp i 1877 og vart fast stoppestad i 1890. Dei første åra vart fylkesbaaten borda på sjøen ute ved holmane. I 1912 fekk Svortevik kai.
Bataldenfekk rutestopp i 1887. Truleg var dette ein ekstra rutestopp i samband med fisketransport. Frå slutten av 1890-talet fekk øya faste ruter av rutebåten Balder, og frå 1903 vart Batalden teken opp i vinterrutene.
Hopeni Høydalsfjorden fekk rutestopp i 1887, og som såkalla stjernestopp frå 1890.
Norddalsfjordenfekk rutestopp frå 1892, då rutebåten ”Balder” tok ein tur i veka. Norddalsfjordruta vart utvida med ein ekstra tur i veka i 1904, men krav om fleire ruter enn desse to vart ikkje innfridd.
Skorpafekk rutestopp frå ca. 1893 og kom med fast på rutenettet i 1900.
Stavangfekk rutestopp tidleg på 1890-talet. I 1894 finn vi Nicolai Haave som ekspeditør.
Leversundved Eikefjorden fekk rutestopp i 1893.
Hovden- også kalla Hovdevåg - kom inn som stoppestad på lokalruta som vart sett opp med dampskipet D/S ”Balder” på slutten av 1890-talet. Balderrruta gjekk mellom Florø og Bremanger og øyane i Kinn.
Haukåsundfekk rutestopp i 1898. Rutene dit vart avvikla då ferjestrekninga Haukå-Bjørnset vart starta i 1966 i samband med vegopninga mot Svelgen.
Barekstadfekk rutestopp av Fylkesbaatane frå 1899.
Litle-Høydalfekk rutestopp i 1900. Frå 1940 og til nokre år etter krigen hadde også Store-Høydal rutestopp av den lokale fylkesbaatruta i Høydalsfjorden.
Store-Høydal– sjå Litle-Høydal.
Holmesundfekk såkalla stjernestopp på rutene i Høydalsfjorden frå 1900, og fekk like etter status som faste stoppestad.
Nyttingnesfekk såkalla stjernestopp på båtrutene i 1911, og vart litt seinare fast stoppestad.
Barlindbotnfekk rutestopp frå 1914.
Oseni botnen av Høydalsfjorden fekk rutestopp på 1950-talet.
Bjørnset og Haukåhadde ferjekaier frå Magnhildskartunnelen og sambandet til Svelgen opna i 1966 og til Norddalsfjordbrua gjorde ferjestrekninga overflødig i 1987.
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|