|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Samferdsle i Flora: Fugleskjærskaia og hurtigrutaFugleskjærskaia vart bygd på Fugleskjera og vart opna i 1919. Alt i 1895 vart hamna skjerma med ein molo frå Florelandet til skjera. Publisert 16.04.2007 12:13. Hurtigruta langs Norskekysten frå Trondheim til Hammerfest vart starta i 1893 då D/D ”Vesteraalen” gjekk nordover frå Trondheim med Richard With som kaptein. I 1898 fekk hurtigruta det tredje skipet i flåten. Dermed kunne ein forlenge ruta heilt sørover til Bergen. Før Fugleskjærskaia kom, måtte hurtigruta og andre større ruteskip som trafikkerte langs kysten, ekspederast frå robåtar på Florevika.
Hurtigrutestopp frå 1910Florø fekk hurtigrutestopp kring 1910, medan Måløy hadde fast anløp frå 1893. Kristian Jansen og familien hans har hatt ekspedisjonen av hurtigruta sidan 1917. I 1937 vart kaia utvida for å gje plass til Florø Kjølelager. Anlegget vart på 1960-talet leigd av Måløy-firmaet Skaar & Co - seinare Skaarfish - då dei etablerte seg i Florø. Skaarfish overtok kjølelageret i 1978. Bygningen vart riven etter at Skaarfish
flytta til nytt produksjonsanlegg i Gunnhildvågen.
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|