Nedanfor er omtalar av ein del andre lag, organisasjonar og kulturinstitusjonar i Sogndal, ordna etter oppstartsår:
Alt i 1844 fekk sokneprest Ole Christian Berner starta eit fråhaldslag i Sogndal.
Sogndals Misjonsforening
vart skipa i 1855, men hadde uformelt vore i verksemd nokre år før. Det hadde frå starten 87 medlemer. Det vart medlem av ei fellesforening for indre Sogn som vart skipa i Hafslo i 1853.
Sogndal Songlag
vart skipa i 1879, men var dei første åra ei rein mannsangforening med eit kor på 25 medlemer. Miljøet kring Sogndal Folkehøgskule, som starta i 1871, hadde stor innverknad på at koret vart starta. Wilhelm Flugheim (sjå denne) var den bærande krafta i laget gjennom 50 år. Koret heldt m.a. konsert då kronpins Olav og kronprinsesse Märtha vitja Høyanger i 1933.
Ungdomslaget og Solhov
Sogndal ungdomslag skipa 1888. I 1896 var laget med på skipinga av Sogn Ungdomlag - same året som Noregs Ungdomslag vart skipa. Ungdomslaget bygde ungdomshuset Solhov i 1932.
|
Skodespel i Sogndal Ungdomslag |
Sjur Ulness og metodistane i Sogndal
(Ølnes) bygde i 1893 den første metodistkyrkja i Sogn og Fjordane i Sogndal. Huset vart kalla "Sion". Han flytta til Vik i 1893.
Frelsesarméen i Sogndal
Frelsesarméen starta korps i Sogndal i 1915, då kaptein Ragna Andersen og løytnant Anna Thorvik kom dit. I 1933 fekk korpset eige hus. Utanom Sogndal, har Frelsesarméen hatt korps i Vik, Florø og Måløy.
Thranittar-rørsla i Sogndal
- sjå:
Thrane-rørsla og Lærdal.
Kaupanger Ungdomslag
vart skipa 1909. Ungdomshuset Skogly vart bygt i 1925, og fekk stort påbygg på slutten av 1970-talet.
Sogndal Sogelag
vart skipa i 1920 av. I tida frå 1921 til 1941 gav Sogndal Sogelag ut ni fyldige årbøker under tittelen "Heimbygdi vår Sogndal". Mesteparten av stoffet i desse vart samla av Flugheim gjennom gratisarbeid. Frå 2000 har Sogndal Sogelag gått saman med Fjærland Sogelag og gjeve ut eit årleg historiehefte for storkommunen.
Sogndal Hornmusikklag vart skipa i 1928. Laget vart medlem i det nyskipa Sogn Musikklag i 1932.
Sogndal skulemusikk
vart starta i 1947 som eit ”gutelag”, men vart skipa som ope lag for begge kjønn i 1955 – sjå Sogndal Musikklag.
Sogndal Kulturhus
vart opna i 1991. Kjellaretasjen var påbyrja nokre år tidlegare, men vanskar med finansieringa gjorde at det drygde før ein fekk fullført bygget. Kulturhuset inneheld m.a. kino- og teatersal, Sogndal Bibliotek og undervisningslokale for Høgskulen i Sogn og Fjordane.