SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Samferdsle i Balestrand:

Det første postkontoret kom på Flesje

”Flesche” postopneri vart skipa i 1836 som det første i noverande Balestrand kommune.

Publisert 07.02.2007 11:30.
Oberstløytnant Christian Gahrup Meidell var første poststyraren. Den rodde postruta frå Den Trondhjemske Postvei ved Leirvik og innover til m.a. offisers- og embetsgardar langs Sognefjorden hadde nok starta ein god del tidlegare enn 1836. Denne rodde postruta hadde elles m.a. stopp i offisersgarden Måren, gjekk vidare innover til den gamle fute- og offisersgarden Flesje like vest fort Balestrand, og til Fresvik og Frønningen.

Misnøye i Vik

Posten vart levert på Flesje heilt fram til 1856, og frå Flesje vart posten delt om til bygdene i midtre Sogn.
Men i Vik på sørsida av fjorden har ein truleg vore misnøgde med denne ordninga, for mykje tyder på at posten til midtre Sogn i nokre år har vorte rodd til Vik og omdelt derifrå: I 1844 avgjorde nemleg regjeringa at ......”det paa Flesche oprinnelige oprettede Postaabneri, som i flere Aar hafer vært plasseret paa Vigøren, skal fra 1.10.1844 flyttes tilbage”.

Kamp mellom Flesje og Holmen

Tidleg på 1800-talet kom det inn drivande folk som kremmarar og gjestgjevarar i Holmen i Balestrand. Det er truleg desse som i 1839 fekk Finans-, handel- og tolldepartementet til å gjere vedtak om at postopneriet på nordsida av fjorden skulle flyttast frå Flesje til ”Balestranden”. Men offisersfolket på Flesche heldt nok att, for i åra frå 1848 og fram til 1855 finn vi framleis postadressa ”Flesche i Leganger i Sogn”. Frå 1855 vert stavinga endra til Flesje. Først i 1856 vart postopneriet flytta inn til Holmen, etter oppmoding frå Balestrand kommunestyre. No fekk postopneriet namnet ”Balestranden”, og med kremmar og gjestgjevar Jan Christoffer Garmann som første styrar.

I 1973 endra Balestrand postkontor status til underpostkontor, men fekk tilbake status som postkontor i 1974. I 1979 vart det såkalla postkontor C.

MEIR OM BALESTRAND 
Balestrand kommune

 
Aviser og media i Balestrand
Historia i Balestrand
Industri og næring i Balestrand
Kjende personar i Balestrand
Kommunehistoria i Balestrand
Krigshistoria i Balestrand
Kyrkjer i Balestrand
Samferdsle i Balestrand
Skular i Balestrand
Verd å sjå i Balestrand

 
Lyd frå Balestrand
Video frå Balestrand
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no