”Urland postopneri” vart opna i 1841. Men dette første postkontoret låg ikkje i Aurland, slik namnet kan tyde på, men i Gudvangen.
Den gamle postruta mellom Bergen og Oslo gjekk gjennom Nærøyfjorden og Gudvangen. Posten vart rodd mellom Gudvangen og Lærdalsøyri, men i isvintrar måtte postmannen hentast ved iskanten lengre ut i Nærøyfjorden.
Urland postopneri
- sjå
Det første postkontoret i Aurland.
Vangen postopneri
- sjå
Det første postkontoret i Aurland.
Undredal postopneri
- sjå
Det første postkontoret i Aurland.
Gudvangen postopneri
– sjå
Det første postkontoret i Aurland.
Aurland postkontor
- sjå
Det første postkontoret i Aurland.
Undredal
fekk sitt eige, sjølvstendige postopneri i 1888 med
Øistein Underdal som første poststyrar. I 1973 fekk det nemninga underpostkontor. Sjå elles
Det første postkontoret i Aurland.
Flåm
fekk postopneri i 1890 med dampskipsekspeditør Christen O. Fretheim som første poststyrar. Eit brevhus med stempelet Håreina vart lagt ned og innordna under postadressa Flån i 1967.
Styve
(Styvi ved Nærøyfjorden) fekk brevhus i 1899. Det endra status til postopneri i 1909. I 1921 vart namnet endra til Styvi. I 1929 vart det på nytt omgjort til brevhus.
Styvi brevhus
– sjå Styve.
Myrdal
fekk brevhus i 1900 i samband med bygging av Bergensbanen. Dette brevhuset fekk posten oppover frå Flåm og hadde adresse Myrdalen postopneri, Vatnahalsen.
Ved opninga av banen i 1909 vart postopneriet flytta til jernbanestasjonen på Myrdal. I anleggstida gjekk postruta vidare søraustover til Hallingskeid. Truleg låg det eit brevhus på denne postruta ved Storekleiva.
Berekvam
i Flåmsdalen fekk brevhus i 1900 i samband med den store anleggstrafikken som gjekk gjenneom dalen under bygginga av Bergensbanen. I 1941 vart Berekvam omgjort til postopneri.
Opset
fekk postopneri i 1900. Det vart frå kring 1908 til 1910 berre halde ope frå mai til utgangen av september. I 1921 vart namnet endra til Upsete, og lagt ned i 1932. Det var opna med status som brevhus i 1937, mellombels nedlagt frå 1947 til 1953, og endeleg nedlagt i 1958.
Uppsete postopneri
– sjå Opset.
Øium
(Øyo) i Vassbygdi fekk brevhus i 1903. Frå 1904 vart postadressa på brevhuset endra til Veum i Vasbygden (også nemnt som ”Veim i Vasbygden). I 1993 vart postadressa endra til berre ”Vassbygdi”. Det vart lagt ned i 1961.
Veum i Vasbygden
brevhus – sjå Øium brevhus.
Vassbygdi brevhus
– sjå Øium.
Dalsbotten
i Flåmsdalen fekk brevhus i 1907. Det vart lagt ned i 1968.
Kårdal
i Flåmsdalen fekk brevhus 1907. det vart lagt ned 1941, men skipa på nytt i 1947. Brevhuset vart lagt ned for godt i 1959 og innordna under Myrdal.
Hylland
i Nærøydalen fekk brevhus i 1919. Det vart lagt ned i 1972 og innordna under Gudvangen.
Dyrdal
fekk brevhus i 1926, og endra til postopneri i 1928.
Vatnahalsen
”Vatnahalsen Hotell” vart eige brevhus i 1928, og var eit sesongbrevhus i perioden mellom februar og oktober. I 1933 vart brevhusnamnet endra til berre ”Vatnahalsen”. Det er uklårt om dette brevhuset låg nede ei tid, for i 1951 vert det på nytt skipa eit ”Vatnahalsen” brevhus. Dette var ope i vintersportsesongen frå midten av febnruar til over påske, og ope i sommarsesongen frå midten av mai til slutten av september. Brevhuset vart lagt ned i 1968, og adressa dit vart deretter Myrdal.
Bakka
i Nærøyfjorden fekk postopneri i 1929 og fekk då nemninga ”Bakka i Sogn”. Frå 1973 fekk det status som underpostkontor, og i 1977 vart poststempelet endra til berre ”Bakka”. Kontoret vart lagt ned i 2000.
Skjerping
i Nærøydalen fekk brevhus i 1930. Namnet vart endra til Skjerpi i 1933. Brevhuset var lagt ned i 1958 og innordna under Gudvangen.
Skjerpi brevhus
– sjå Skjerping.
Flåmsbana
fekk mellombels status som brevhus med eige stempel i 1991 i samband med 50-årsjubileet.