Kristelege lag og org. i Sogn og Fjordane:
Separatistane på Nesjane i Gloppen
I dei einbølte grendene kring Hyefjorden og på Hestenesøyra oppsto det kring 1760 ei pietistisk, religiøs gruppe som skilde lag med kyrkja. Dette kan truleg ha sin grunn i at den harde presten
Gabriel Heiberg (Gloppen) (1708–1768) var prest i Gloppen på den tida.
Sidan folket i desse grendene dreiv mykje jektefart til Bergen, er det grunn til å tru at dei hadde samband til ei gruppe ”lesarar” kring Bergen som vart kalla Broderlyden, og som vart leia av ein mann som gjekk under namnet Fargar-Petter.
Biskop Fredrik Arentz fortel i 1765 at gruppa i Nesjane talde 23 personar, og hadde vist ”separatistisk Sind og Foragt for den ordentlige Altergang”. Også amtmann
Joachim de Knagenhjelm blanda seg bort i saka og tok folk inn til avhøyr i 1764, men overlét til biskopen å reagere. Biskop Arentz tok gruppa til avhøyr på prestegarden i Gloppen, men forstod at dei ikkje let ”sig bringe til Rette”. Han vart også imponert over bibelkunnskap og gudsfrykt i flokken.
Prosessen mot separatistane i Nesjane let til å døy ut etter dette, utan at det vart reist rettssak.
Haugianarane i Nordfjord
Det er mykje som peikar ut ei bein line frå denne religiøse gruppa i Nesjane kring 1760, og til haugianarane kring Jon Hyenes – Skule-Jo – omlag 80 år seinare.
- Om striden kring Skule-Jo – sjå
Jørgen Meier Heffermehl.
Hans Nielsen Hauge vitja tilhengjarane sine i bygdene kring Hyefjorden minst tre gonger, første gong i 1799. Ein hyar vart reisetalar for Hauge-rørsla, og eit par andre nordfjordingar vart jamvel tilsette på papirmøllene som Hauge dreiv i Østfold og i Bergen.
Reiseruta til Hauge i 1799 frå Bergen til Trondheim gjekk truleg via venene på Svanøy (sjå
Haugianarane på Svanøy), over Svarthumle, Ramsdalsheia og til Gamlestølen i Eimhjellen i Vestre Hyen der han heldt møte. Han reiste vidare til Å nede ved Hyefjorden og heldt møte der. Her rekrutterte han
Christian Simonsen Aa (Ausevik) som reisepredikant. Aa vart den første lekpredikanten i Nordfjord, og gjekk under tilnamnet Nordfjord-haugianaren.
På ei reise i 1801 har Hauge kome sørfrå gjennom Jølster til Reed i Breim, reiste over Utvikfjellet og vitja andre bygder i Nordfjord før han reiste frå Stårheim og gjekk over fjellet til Steinsvika på Sunnmøre. Det finst merke som tyder på at Hauge har vore så langt vestover som til Rimstaddalen ved Bryggja.
På ei ferd i 1802 kom han nordfrå til Hornindal, vitja Sandane, Gimmestad og Vereide og heldt møte hjå
Ola Jonson Seime (Hyenes) i Hyeneset. Seime hadde vore med i separatist-flokken tidlegare. Forkynnaren og salmediktaren
Mathias Orheim freista seinare å få freda den ”historiske” stova på Hyeneset der møtet vart halde, men den vart riven i 1964. (Orheim var sterkt påverka av Hauge-rørsla. Han og resten av misjonsfolket i Nordfjord fekk i 1923 reist Nordfjord Ungdomsskule på Vereide som ei ”motvekt” mot det ”frilynde” Firda Gymnas som var starta på Sandane året før.)
Då det vart reist rettargang mot Hans Nielsen Hauge med skuldingar om at han hadde brote forbodet mot lekmannsforkynning (Koventikkelplakaten av 1741), vart det teke opp rettslege avhøyr av 10 vitne på sorenskrivargarden Skårhaug på Nordfjordeid i mars 1807 og på Nybø i Gloppen i april 1810.
Nordfjord Fællesforening - indremisjonen
Nordfjord Fællesforening, det som seinare vart heitande Nordfjord Indremisjon, vart skipa i 1879 med lærar Henrik Stokkenes, Nordfjordeid, som første formann. Det første indremisjonslaget i Noreg vart skipa i Oslo i 1858, og det første på Vestlandet vart skipa i Bergen i 1863. Det eldste misjonslaget i Nordfjord skal vere Selje misjonsforening, skipa i 1868, same året som Den Norske Lutherstiftelse – seinare Det norske lutherske Indremisjonsselskap - vart skipa. Det første laget i Selje vart truleg nedlagt etter nokre år, men misjonslaget i bygda vart vekt til live att då Ludvig Kristoffer Olavius Strømme ( sjå denne under
Kjende personar i Selje fødde år 1700-1900) vart sokneprest der i 1883. Han vart seinare både prost i Nordfjord og stortingsmann.
Den nest eldste lokale indremisjonsforeninga i Nordfjord var Stårheims Indremisjonsforening som vart skipa i 1877, og som fekk 120 medlemer frå starten.
Nordfjord krins av sundagsskulen vart skipa av Indremisjonen i 1909.
Det mest synberre resultatet av arbeidet til Nordfjord
Indremisjon var reisinga av Nordfjord Ungdomsskule - seinare omdøypt til Nordfjord Folkehøgskule - på Vereide i 1923.
Nordfjord Indremisjon dreiv også fleire kaféar og pensjonat: Torgkaféen i Måløy, Symra kafé i Selje, Firdaheimen på Sandane , Misjonsheimen i Innvik ( IMI Hotell) og leirstaden Fjordly ved Bryggja, bygd 1973. (Nordfjord Ungdomsheim som vart bygd på Nordfjordeid i 1947, var det NKUF – Norges Kristelege Ungdomsforbund – som dreiv før det vart privateigd i 1982.)
Indremisjonsforeningar i Nordfjord (registrert 1979)
Selje misjonsforening vart skipa i 1868
Stårheim indremisjon vart skipa i 1877
Davik indremisjon vart skipa i 1879
Sandane indremisjon vart skipa i 1879
Eid indremisjon vart skipa i 1879
Breim indremisjon vart skipa i 1887
Utvik indremisjon vart skipa i 1887
Tonning indremisjon i Stryn vart skipa i 1890
Olden indremisjon vart skipa i 1900
Måløy indremisjon vart skipa i 1906
Hauge indremisjon i Eid vart skipa i 1906
Kjølsdalen indremisjon vart skipa i 1909
Rygg indremisjon i Gloppen vart skipa i 1910
Ytre Stadlandet indremisjon vart skipa i 1916
Hjelledalen indremisjon vart skipa i 1919
Oldedalen indremisjon vart skipa i 1921
Vestre Hyen indremisjon vart skipa i 1923
Fjelli indremisjon i Stryn vart skipa i ?
Austre Hyen indremisjon vart skipa i 1932
Maurstad og Rimstad indremisjon vart skipa i 1932
Nordstranda indremisjon i Stryn vart skipa i 1932
Rugsund indremisjon vart skipa i 1932
Straume indremisjon i Hyen vart skipa i 1933
Hoddevik indremisjon i Selje vart skipa i 1936
Stadlandet indremisjon vart skipa i 1937
Nordpoll indremisjon i Selje vart først skipa som ungdomsforening i 1941 og som vanleg indremisjonslag i 1975
Innvik indremisjon vart skipa i 1942
Blakset indremisjon i Stryn vart skipa i 1943
Raudeberg indremisjon vart skipa i 1950
Skavøypollen i Vågsøy vart skipa i 1954
Lote indremisjon i Eid vart skipa i 1959
Det har elles vore såkalla kontaktlag for Indremisjonen i desse bygdene:
Barmøy (skipa 1937), Berle (1935), Borgundvåg (1936), Erdal (1936), Flatraket, Flo (1943), Fure, Gangsøy (1914), Hennebygda, Hennøy (1909), Hestenesøyra, Hjelle (1945), Hjelmelandsdalen (1931), Honningsvåg (1935), Hopland, Kandal, Kjødepollen (1932), Kvalheim, Loen, Moldestad (1933), Myklebustdalen, Oldeide og Svoren (1935), Rake, Remmedalen (1938), Silda (1933), Skatestraumen (1935), Stokkevåg (1932), Sandal, Tistam (1931), Vågsvåg, Hornindal.