Også i Sogn og Fjordane vart Arbeidarpartiet kløyvd, og eit fleirtal i fylkeslaget gjekk med NKP. Sidan fylkesstyret samstundes var styre for partiavisa ”Sogn og Fjordane Socialdemokrat”, som litt før hadde skifta namn til
Fritt Folk og vart eit talerør for NKP fram til avisa gjekk inn i 1928. Arbeidarrørsla hadde i 1923 i alt 41 partiaviser kringom i landet, og ”Fritt folk” i Høyanger var ei av i alt 11 aviser som kommunistane tok kontroll over etter kløyvinga.
Kommunistpartiet hadde størst oppslutning mellom radikale industriarbeidarar i Høyanger, men også i Årdal, Florø og Lærdal hadde partiet relativt mange sympatisørar. Den kjende kommunistføraren
Peder Furubotn kom frå Brekke i Gulen.
Etter oppmoding frå Det norske Arbeidarparti sentralt vart fylkespartiet til Ap reorganisert i 1927 ved at fylkeslaga av Det norske Arbeiderparti og Norges socialdemokratiske parti slo seg saman under namnet Sogn og Fjordane Arbeidarparti. NKP heldt frå same tid fram som eige parti på fylkesplan.
NKP stilte første gong eiga liste ved Stortingsvalet i 1923 med telegrafist og redaktør
Johan A. Skjelfjord som toppkandidat, men fekk berre 741 røyster. NKP stilte fylkeslister ved Stortingsvala i 1927, 1930, 1933 og 1949.
Etter EF-striden tidleg på 1970-talet gjekk leiaren Asbjørn Larsen og storparten av medlemsmassen i NKP inn i Sosialistisk Venstreparti (sjå
Sosialistisk Folkeparti (SF) i Sogn og Fj.), medan dei ”Moskva-tru” under Gunnar Martin Knudsen heldt fram i NKP.