Innkjøpssamyrket vert organisert
Nest etter meierisamyrke (no
Tine Meieriet Vest BA), vart "Felleskjøpet" det neste, store samyrkesteget i landsdelen:
Den Vestlandske Felleskjøpsforening vart skipa i 1901, og markerte ein milepæl i moderniseringa av jordbruket på Vestlandet, som no for alvor kunne leggje om til maskinell drift.
Felleskjøpet gjorde det mogeleg for bøndene å oppnå gode rabattar på landbruksmaskiner, gjødsel og andre driftsmidlar gjennom eiga forening. Tidlegare måtte dei stå med lua i handa og betale det Bergens-kjøpmennene fann det for godt å forlange. Ei av dei store forretningane innan landbruksmaskiner i Bergen på 1800-talet var Knut Skurtveit - eit firma som har eksistert fram til i dag, og som også har hatt avdelingar i Sogn og Fjordane.
"Felleskjøpet"
Samyrkeorganisasjonen endra seinare namn til "Vestlandske Kjøpelag", og seinare igjen til "Felleskjøpet Vestlandet".
I siste halvdel av 1900-talet bygde Kjøpelaget/Felleskjøpet ut store lager og forretningsavdelingar i Sogn og Fjordane:
I 1949 etablerte laget avdeling i Florø, og bygde mjølblanderi og kraftfôrlager der i 1954. Frå 1967 bygde laget fleire kornsiloar på 50 meters høgde i kystbyen.
Stor avdeling på Skei
Skei i Jølster fekk Felleskjøp-avdeling i 1969. Denne avdelinga sel landbruksmaskiner, og vart sterkt utvida med nybygg i 1999.
Fleire utsal
Sogndal fekk Fellekjøp-avdeling i 1986, og FK-butikk vart opna på Øyrane i Førde i 1998. I Førde byggjer laget i 2003 ny, stor butikk.
I 1999 slo Felleskjøpet Vestlandet seg saman med tilsvarande organisasjon på Austlandet til Felleskjøpet Øst Vest.