|
I husklyngja mellom bustadhusa i Sogndalsfjøra stod det frå 1819 til 1838 eit sjukehus. Bygningen er riven for lenge sidan. (Foto: Arild Nybø, NRK © 2003) |
Sjukehuset vart bygt i 1819, og tente også som "amtssjukehus" fram til 1838. Det kan sjå ut som eit lyspunkt at det midt oppe i den armodslege husklynga i Sogndalsfjøra også fanst eit "sjukehus". Men historia til dette sjukehuset er mørk.
Huset tente som såkalla "radesjukehus" - dvs. eit sjukehus for folk med kjønnssjukdomar. Her heldt folk med den dødelege sjukdomen syfilis til - og truleg andre ulekjande sjuke.
At nett eit slikt sjukehus for kjønnssjukdomar vart plassert i Sogndalsfjøra, kan tyde på at staden også husa prostituerte. Det var nokså vanleg, skriv Ivar Aasen i 1843, at. "Pigerne have to-tre eller fire Børn førend de bliver gifte; Enkerne faae Børn ligesaavel efter deres Ægteskab som i samme".
Første "fylkessjukehuset"
Det første "sjukehuset" i Sogn og Fjordane var altså bygt i Sogndalsfjøra i 1819, og låg omlag der K-senteret seinare vart bygt på Fossetunet.
I 1838 drøfta fylkestinget nybygg. Fleire lokaliseringar vart nemnde: Bøfjorden og Leirvik i ytre Sogn - Førde og Dalsfjorden i Sunnfjord. Torgeir Nes frå Luster kom med framlegg om å byggje eit "lasaret" på Flahamar ved Lustrafjorden.
|
Ordførar Fredrik Christian Juel. (Foto © Fylkesarkivet) |
Men etter tilråding frå amtmannen/fylkesmannen enda ein opp med eit vedtak om å sende pasientane til "Bergens civile Sygehus". Distriktsmotsetningane var alt då merkbare i det unge fylkestinget, og fylkesmannen valde å tilrå den "nøytrale" Bergens-løysinga! Sjukehuset i Sogndal vart samstundes lagt ned. Ordførar
Fredrik Christian Juell frå Sogndal gjorde i 1842 framlegg om å byggje eit nytt sjukehus i Sogn, men nådde ikkje fram.