SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Industri og næring i Sogndal:

Hofslund Hotell

(Foto: Arild Nybø, NRK © 2003)
(Foto: Arild Nybø, NRK © 2003)
I 1909 kjøpte ekteparet Peder J. Næss og Anna f. Tørvi frå Marifjøra det gamle gjestgiveriet på Hofslund av Ola Håkonsen - sjå: To gjestgiveri i Sogndalsfjøra.

Publisert 25.03.2003 11:53. Oppdatert 12.06.2003 17:55.
Næss-folka kom frå Romsdal, der dei hadde bygt og drive Halsa Hotell i øvre Romsdal. På Hofslund bygde Næss i 1912 det gamle gjestgiveriet og tingstova inn i eit nytt hotell aom fekk fasadar i sveitsarstil. Hotellet hadde i starten 34 senger.

Første rutebilen i Sogn. (Foto © Fylkesarkivet)

Skipa automobilselskap

Hotelleigaren Peder J. Næss gjekk også i brodden for å få skipa Indre Sogn Automobilselskap i 1916 (sjå: Den første rutebilen i Sogndal), og vart medeigar i Jostedalsbreens turisthotell som vart bygt på Elvekrok kring 1920.

Dreiv også i Luster

I 1918 dreiv Anna og Peder J. Næss også Tørvis hotell i Marifjøra, som på den tida var eigd av Anna sin familie. Drifta av dette hotellet overlet dei til sonen Hans Bugge Næss og ektemaken Brita. Næss var også ein av grunnleggjarane av Sogndal Cementindustri L/L.

Gjester klar til avreise frå Hofslund hotell. (Foto © Fylkesarkivet)

Sviggum utvidar

Frå 1926 dreiv tre døtre til Næss, Ranveig, Anna og Guro, hotellet fram til 1936, då Melchior Sviggum, gift med Ranveig Næss, kjøpte hotellet. I 1962 vart Hofslund Hotell utvida, og med seinare utvidingar har hotellet i 2003 96 senger senger og m.a. fleire møterom og symjebasseng.

I 1982 overtok sonen Tore Sviggum Hofslund Hotell, og frå 2002 er det brordotter til Tore, Mona Sviggum og ektemann Leif Johnsrud, som eig og driv det tradisjonsrike familiehotellet ved sjøkanten på Hofslund.

MEIR OM SOGNDAL 
Sogndal kommune

 
Aviser og media i Sogndal
Historia i Sogndal
Industri og næring i Sogndal
Kjende personar i Sogndal
Kommunehistoria i Sogndal
Kraftutbygginga i Sogndal
Krigshistoria i Sogndal
Kyrkjer i Sogndal
Samferdsle i Sogndal
Skular i Sogndal
Verd å sjå i Sogndal

 
Lyd frå Sogndal
Video frå Sogndal
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no