|
Stedje kyrkje sett framanfrå vinterstid. (Foto: S. Lote, NRK) |
Arkitekt Chr. Christie (Christie teikna også sine karakteristiske kyrkjer for Holmedal i Askvoll, Steine i Balestrand, Hauge kyrkje i Lærdal og Borgund nye kyrkje).
Byggmeister Aghte og Gade.
Altartavle frå 1891, kopi av dansken Carl Blochs motiv av den trøystande Kristus. Det er uvisst kven som har måla kopien. Same motiv er kopiert på altartavler i Eid og Naustdal kyrkjer.
Eit krusifiks av Brynjulf Bergslien stod opphaveleg på altaret, men vart flytta då tavla kom på plass. Preikestol frå byggjeåret. Døypefont frå mellomalderen. Koret er pryda med fem glasmåleri.
Tre kyrkjeklokker
Anna interiør: To lysestakar frå 1619, nattverdsutstyr frå 1680, lysekrune frå 1672, tre kyrkjeklokker - ei frå før 1400 (veg over 1.100 kilo), ei frå 1584 og ei datert 1832.
|
Runesteinen ved kyrkja. (Foto: A. Nybø, NRK) |
Ved Stedje kyrkje står ein gamal runestein.
Funn frå vikingtida
I samband med utviding av kyrkjegarden på 1990-talet vart det funne mange gjenstandar frå vikingtida - m.a. restar etter ei gamal vevstove (sjå video lenger oppe på sida.)
|
Denne tekstilbiten vart funnen under utgravingane på kyrkjegarden på Stedje. (Foto: Asle Veien, NRK) |