Sogn og Fjordane har sidan 1962 hatt felles fylkesveterinær med Hordaland med kontor i Bergen. Før den tid var det felles fylkesveterinær for Vest- og Sørlandet, der også Rogaland og Agder-fylka høyrde med.
Under seg har fylkesveterinæren distriktsveterinærar som utøvande organ. Veterinærtenesta er no statleg, men har tidlegare sortert under kommunar og fylke.
Sogn og Fjordane er frå og med 2003 delt i tre veterinærdistrikt: Nordfjord, Sunnfjord og ytre Sogn, og midtre og indre Sogn.
Utdanning i København fram til 1935
Den første veterinærhøgskulen vart skipa i Lyon i Frankrike i 1762, og den første i Norden i 1773 i København. Fram til Norske Veterinærhøyskole vart skipa i Oslo i 1935, tok alle norske veterinærar utdanninga i utlandet, dei fleste i København og Stockholm.
Noreg fekk sin første veterinær i 1780. Men det gjekk seint med utbygging av tenesta: Så seint som i 1875 var det berre 77 autoriserte veterinærar i heile landet. Fram til då var det lokale bygdedokterar som prøvde legekunstane sine på husdyr som vart sjuke. Då dei første veterinærane kom til Sogn og Fjordane, måtte dei lenge konkurrerere mot lokale "blodstillarar".
Folk hadde ofte meir tru på folkemedisinen enn skulemedsinen: Så seint som i 1912 heldt stortingsrepresentant
Gjert Martinus Markvardson Holsen frå Førde eit innlegg i Stortinget der han ville forkaste ei offenleg veterinærteneste. Han hadde meir tru på sjølvlærde
bygdedokterar, sa han!
Første veterinæren i Sogn og Fjordane
I 1844 vedtok amtstinget (fylkestinget) i Sogn og Fjordane å yte stipend til utdanning av eit par veterinærar i København. Dette var Carl Burggraff, som slo seg til som veterinær i Sunnfjord frå 1855 til 1870, og Gabriel Hofgaard som arbeidde som veterinær i Sogn frå 1855 til 1863. I Nordfjord ser det ut til at det ikkje var veterinærdekning på denne tida.
Fylket ytte lønstilskot til desse og andre som tok veterinærteneste innanfor fylkesgrensene. Men det var lenge svært tilfeldig kvar dei einskilde veterinærane gjorde teneste, og kor store distrikt dei tente. Denne tilfeldige distriktsdelinga har prega veterinærtenesta i fylket heilt fram til år 2003. Dette hadde først og fremst si årsak i mangelen på fagfolk.
Veterinærtenesta vert fastare organisert
I 1880 kjem den første sporen til ei distriktsorganisering ved at H. G. K. Konow vert tilsett som statsagronom for Vestlandet og Agder-fylka. Han skulle også ha tilsyn med veterinærtenesta.
I 1883 gjenomfører Staten ei særskild organisering av veterinærtenesta med ei regional styring: T. K. Lekven vert amtsdyrlege for Nordre og Søndre Bergenhus amt (Hordaland og Sogn og Fjordane).
Åtte veterinærdistrikt frå 1912
Ved ei ny lov om veterinærtenesta i 1912, vart Sogn og Fjordane delt inn i åtte veterinærdistrikt:
1. distrikt:
Jostedal, Luster, Hafslo, Årdal, Lærdal og Borgund kommunar med Per Seglem i Marifjøra som veterinær det første året.
|
Fylkesveterinær J. S. Mossige. |
2. distrikt:
Aurland, Vik, Balestrand, Leikanger og Sogndal med J. S. Mossige i Sogndal som veterinær.
3. distrikt:
Kyrkjebø, Lavik, Brekke, Gulen, Hyllestad, Solund og Guddalen i Fjaler med Per Seglem som veterinær første året og P. T. Idsøe i Leirvik frå 1913.
4. distrikt:
Gaular, Førde, Naustdal og Jølster til og med Skei med Cato Leknes i Førde som veterinær.
5. distrikt:
Fjaler, Askvoll, Vevring og Kinn med A. E. Knap i Askvoll som første veterinær.
6. distrikt:
Bremanger, Davik, Sør- og Nord- Vågsøy og Selje med H. E. Belsby i Måløy som veterinær.
7. distrikt:
Gloppen, Breim, Stardalen i Jølster og Ålfoten sokn med O. Sortrup på Sandane som veterinær. (Sortrup var også utdanna lege og var samstundes distriktslege i Gloppen, Breim og Ålfoten).
8. distrikt:
Innvik, Stryn og Hornindal med S. A. Salveson på Faleide som veterinær.
Veterinærmangel og skiftande grenser
Særleg mangelen på veterinærar - og delvis kommuneregulering og nye sambandsårer - har gjort at grensene mellom veterinærdistrikta har skifta mykje gjennom åra. Såleis var det fram til omorganiseringa med tre veterinærdistrikt frå 2003 i alt 12 veterinærdistrikt i fylket - og mildt sagt med ei nokså tilfeldig inndeling:
Nordfjord omfatta Selje, Vågsøy, øyane i Bremanger og Nordfjord-sida på fastlandet i Bremanger kommune - dessutan Eid, Hornindal og Stryn - minus Utvik, som låg under Gloppen veterinærdistrikt. Jølster veterinærdistrikt hadde med Fjærland etter at tunnelen kom. I Sunnfjord elles var Førde, Gaular og Naustdal i eitt distikt. Flora veterinærdistrikt omfatta forutan Flora også søre luten av Bremanger fastland. Askvoll distrikt hadde Fjaler kommune med. Hyllestad og Solund var eitt distrikt, medan Gulen og Høyanger var kvar sine distrikt. Vik veterinærdistrikt omfatta også Balestrand. Indre Sogn var delt i to distrikt - det eine med Leikanger, Sogndal og Luster, og det andre omfatta Årdal, Lærdal og Aurland.
- om tuberkulose, bruselose, skrapesjuke, pelsdyrnæringa og sjukdom på oppdrettsfisk.
Det er også veterinærar som har ansvaret for matkontroll under Statens Næringsmiddeltilsyn og dei lokale helseråda for produkt av kjøt, frukt og grønsaker, samt vasskvalitet. Frå 2004 er Statens Dyrehelsetilsyn slått saman med andre etatar under Statens Mattilsyn.