|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Kyrkjer i Gulen: Gulen kyrkje | Gulen kyrkje ligg sentralt i Eivindvik. (Foto: Asle Veien, NRK) |
Gulen kyrkje i Eivindvik, bygt 1863. Arkitekt G. A. Bull. Byggmeister: Ole Syslak, Lindås. Altartavle av Christen Brun frå 1872. Publisert 18.10.2002 13:17. Oppdatert 15.11.2002 15:18.LYD OG VIDEO
| Gulen kyrkje i 1890. (Foto © Fylkesarkivet) |
Døypefont frå ca. år 1000 i stein. Segna seier at Olav den heilage fekk laga døypefonten i stein slik at ikkje sogningane kunne sparke dåpsfatet ut av hendene på prestane når folk skulle kristnast!
Inventar elles frå byggeåret eller seinare, med unntak av kyrkjeklokke frå 1711 og ei frå 1821.
| Byggmeister Anders O. Korsvold. (©Fylkesarkivet) |
Altartavle frå 1768 finst på Sogn Folkemuseum, saman med to lysestakar og dåpskanne frå 1600-talet. To-arma lysestake frå 1450-1530 er på Bergen Museum, og ein lysestake er på Norsk Folkemuseum.
Kongeparet gav lysekrunerTo lysekruner har ei spesiell soge: I 1905 skreiv klokkar Johan Henrikson Opdal til det nye norske kongeparet - Haakon VII og dronning Maud - og spurde om dei kunne tenkje seg å gje eit par lysekruner til Eivindvik-kyrkja. Kongeparet tok utfordringa, og spanderte lysekruner på kyrkja i Eivindvik i 1912.
| Gulen kyrkje. (Foto: Asle Veien, NRK) |
Stavkyrkje i EivindvikI Eivindvik var det først ei stavkyrkje, nemnt i 1327. Ei lafta tømmerkyrkje avløyste stavkyrkja på 1500-talet. I 1724 vart den gamle kyrkja i Eivindvik kjøpt av soknepresten, Nicolai Stabel, og stod til noverande kyrkje vart reist i 1863. Ein stor del av tømmeret i gamlekyrkja vart då nytta i eit stovehus på ein gard (171/1) på Kløvtveit i Austgulen. Andre materialar frå gamlekyrkja hamna i ei stove i Vilsvik.
SE OGSÅ
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|