|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Samferdsla i Vik: Billett for å sjå dampbåten i Vik | Mykje folk møtte fram for å sjå når dampen la til kai i Vik. (Foto © Fylkesarkivet) |
I Vik som elles i fylket, var det "å gå på dampen" for å gape på ferdafolk, lossing og lasting når dampen la til, den store folkeforlystelsen. Dette var stort sett gratis tidtrøyte, men i 1875 vedtok Vik kommunestyre at folk måtte løyse billett for å få tilgjenge til kaia når dampen kom! Publisert 23.07.2002 15:07. Oppdatert 10.03.2003 15:28.Eit plankegjerde vart bygd slik at dei som ikkje hadde betalt skulle få kike inn. Ville ein innafor, måtte ein betale 10 øre. Seinare vart billetten redusert til 5 øre.
Men så fanst det også "særordningar": Mange fekk fribillett, andre betalte fast kontingent.
Fårleg bryggjedansSjølv om avgiftene kunne verke meiningslause, så stimla vikjene i slike mengder ned på kaia at kommunestyret i 1887 måtte setje foten ned. Dei stoppa billettsalet og stengde kaia for folk som ikkje hadde noko anna å gjere der enn å glane på dampen!
Kaia var elles ein populær danseplatting for ungdomen. Men også dette sette kommunestyret ein stoppar for, då det i 1875 stengde kaia for dans, og grunngav vedtaket med at det kunne vere fårleg å svinge seg så nær kaikanten. Men folk trassa forbodet og skipa til bryggjedans seinare også.
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|