Dei mest kjende kunstnarane frå denne epoken er
Anders Askevold,
Eilert Adelsteen Normann, Amaldus Nielsen (1838-1932),
Hans Dahl og sonen
Hans Andreas Dahl. Både Askevold og Amaldus Nielsen måla fleire av dei kjende Balestrand-motiva som Esefjord-fjella, Munkestova og jekter på fjorden med Vansgnes i bakgrunnen. Både Normann, Dahl og fleire andre kunstnarar budde i lange periodar i Balestrand og bygde prakfulle villaer der.
Promenade-kafear
|
Balholmen i keisartida. |
Langs stranda mot Sande og Bruhjell vart det bygd fleire kafear og små restaurantar der fint folk kunne stikke innom til forfriskingar under promenaden. Dei mest kjende var nok Café Jotunheimen i
Villa Jotunheimen og den merkelege Kafé Hygea (
Friluftskaféen i treet), der ein del av kafeen var montert i kruna på eit stort tre, og gjestane fekk servert vinen i ein miniatyr av ei sognajekt, som vart sendt opp i treet på løypestreng! Ein annan kjend kafe var Strand Kafé.
I Balestrand sentrum dukka det opp fleire salsbuer som baud fram souvenirar. Dyktige kvinner i bygda skaffa seg gode ekstrainntekter på vevnad til turistane.
Sosietets-epoken brått slutt
1. verdskrig sette ein brutal stopp for "la belle epoque" i Balestrand. Keisar-glansen kvarv bort, og det mondene sosietslivet slokna. Mellom dei som vart att, var ein attgløymd keisarleg hoff-fotograf, ei rik amerikansk sosietetskvinne, ein norsk teaterdirektør og ei handfull bergenskjøpmenn som hadde investert i omfangsrike sommarhus i Balestrand. - Dei hadde nok mykje å minnest, "overklassekvinnene" i bygda, der dei samlast i si vesle syforening for å saume undertøy som dei gav bort som julepresang til trengande sambygdingar!
Les meir om desse kunstnarane, villaene, sosieteten og levemåten deira under:
Balestrand vert Art Village
Balestrand vart i 2003 teken opp som medlem i Art Villages – ein organisasjon under moderorganisasjonen EuroArt som vart skipa i 1994 for å knyte samband mellom kunstnarkoloniar og kunstnarlandsbyar kringom i Europa.