I 1881 herja ein slagbjørn i fjella ved Balestrand. Den vart sidan kalla "Styggebjørnen". Aksel Øyri var den første som kom ut for bjørnen. Den gjekk til åtak og skada Aksel stygt. Det vart jakta på den, og Mons Hagen skamskaut bjørnen.
Angreip ungar
Nokre dagar seinare vart fire born som var på veg til støls frå garden Bruhjell angripne av bjørnen. Han sette etter ei 13 år gamal jente, men var så skada at han ikkje nådde henne att.
Bjørnejeger døydde
Den vidgjetne bjørneskyttaren
Nils J. Røysum frå Leikanger vart beden om å hjelpe, og saman med hund og karar frå bygda sette Nils til fjells. Hunden fann den skadde bjørnen, som sette unna ned etter lia. Den vart skadd av fleire skot, men stakk seg bort. Karane sette etter, fann den att, og gav den fleire skot slik at bjørnen til slutt drog seg fram berre på framlabbane. Slik gøymde den seg i eit kratt, og Nils Røisum og Torleif Dale gjekk innpå for å støkke bjørnen ut.
Då rusa bjørnen brått imot dei. Nils Skaut den i brystet før han hoppa unna, medan Torleif fekk bjørnen over seg. Kant i kant rulla mann og bjørn ned etter ufsene. Nils torde ikkje skyte, for mann og bjørn låg i ei einaste elte. Men då bjørnen låg ørlite i ro, fekk Nils Røysum inn eit dødeleg skot, og bjørnen for kast i kast ned etter berget.
Også Torleif ramla utfor ein liten skrent. Då Nils kom ned, var Torleif framleis i live, men han døydde etter nokre minuttar.
Kule i brystet
Då Torleif Dale vart obdusert, viste det seg at ei geværkule hadde råka han i brystet, men ut frå omstenda var det ingen som ville laste bjørneskyttaren Nils Røisum for det som hende.
Bjørnejakt i Halsali
Same året vart det elles skote to bjørnar i Halsali i Esedalen.