Den store villaen i sveitserstil vart bygd i 1905 av den britiske jernbaneingeniøren James Livesey (1831-1924). Livesey kom frå Preston i England, og leia store jernbaneprosjekt i Spania, Argentina, Peru, USA, India og Egypt. Byggmeister A. Korsvoll (sjå også
St. Olafs kyrkje og Sæle kyrkje under "
Kyrkjer i Balestrand") bygde "Villa Livesey", som den heitte i ingeniøren si tid.
Mr. Livesey hadde med eiga hushalderske eller selskapsdame frå England. Ho heitte Anna Lorna Bellew, og gifte seg i 1909 med kunstmålar
Hans Andreas Dahl, son til "keisarvenen"
Hans Dahl. Hans Andreas Dahl og Anna Lorna budde i England, med ferierte i Balestrand om somrane. Då Hans Andreas Dahl døydde i 1919, fekk Anna Lorna skøyte på "Villa Lorna". Ho gifte seg no med ingeniør Walter Normann frå Tyskland, yngste son av kunstmålar
Eilert Adelsteen Normann. Walter Normann hadde m.a. vore direktør for gullgruver på Sumatra.
Sonen Eric Antony Bellew Dahl fekk skøyte i 1950, og i 1978 vart Villa Lorna seld på auksjon til Jenny og Nils Ese. Seinare tok ekteparet Jorun Eithungjerde og Cornelius Echter von der Leyen over villaen og budde der fast fram til 2001, då dei flytta til Tyskland.