Arbeidet på Vikafjellsvegen starta i 1930-åra. Vegen er stengt i periodar om vinteren, men i 1999 vedtok Fylkestinget å krevja inn bompengar på ferja til Vangsnes for å finansiera heilårsveg over fjellet.
Over 100 år frå idé til realitet
Frå eldgamle tider var det kløvjevegar over Vikafjellet til Voss (sjå "
Gamle ferdsle- og driftevegar i Balestrand"), og kravet om køyrande vegsamband over fjellet finn vi første gong i 1848, då vegkomiteén i fylkestinget tilrår vegen bygd. Vegen vart stukken og kostnadsrekna, men prosjektet vart stoppa av amtmannen (fylkesmannen) i Hordaland. Planen levde likevel vidare, og var framme i fylkestinget både i 1857, 1875, 1878 og i 1884 utan det vart gjort noko konkret. På begge sider av fjellet skreiv grunneigarar i 1877 under på at dei ville avstå fri grunn til vegen.
Militæret og Vikafjellsvegen
Kravet fekk ny styrke etter at Viksmoen vart øvingsplass for Sogns Bataljoner. I 1895 bad fylkestinget om at Stortinget løyvde pengar over ein fireårsperiode slik at Vikafjellsvegen vart bygd, men Stortinget avslo.
I 1898 flytta militæret for Viksmoen til Bømoen på Voss, men endå bitrare var det nok for vikjene at Stortinget i 1923 vende tommelen ned for at det vart bygt jernbane frå Voss til Vik ("
Jernbaneplanane i Vik").
Internasjonal arbeidsleir
I dei harde kriseåra på slutten av 1930-talet vart det sett i gang arbeid på Vikafjellsvegen for å sysselsetje arbeidslaus ungdom. Tilsvarande arbeidsleirar fanst også på Sognefjellsvegen (sjå "
Samferdsle i Luster"). Arbeidsleiren starta i 1938 med 60 ungdomar. Men arbeidet i Bøadalslidi i Vik tok slutt då 2. verdskrig braut ut i 1940.
|
Engelske studentar under dugnaden på Vikafjellet i 1948. (Foto: NRK/Norsk Film) |
I 1948-1949 vart det m.a. etter opptak frå studentar i Bergen organisert ein internasjonal studentdugnad på Vikafjellsvegen. Dette var ei ressurssterk gruppe som skapte mykje merksemd kring seg (sjå m.a.
Kristian Ottosen), og 1950 kom Vik-Voss-vegen endeleg med på statsbudsjettet. (sjå elles om internasjonal arbeidsleir i Feios). Utflytte vikje, seinare stortingsmann
Finn Øen i Bergen, var svært aktiv for å få arbeidsleirane i stand.
Vegen var køyrande sommaren 1956, men offiselt opna av samferdsleminister Kolbjørn Varmann (sjå "
Kjende personar i Eid fødde år 1900-1950") i 1957. I 1966 vart det bygd eigen bensinstasjon oppe på fjellet. Den vart brukt både av turistar og av køyrety som arbeidde på kraftanlegga (sjå
Vikfalli).
Krav om heilårsveg
Vikjene har sidan arbeidd aktivt for å gjere Vikafjellsvegen til heilårsveg. Eit viktig steg mot heilårsopning var den 1.044 meter lange tunnelen gjennom Storehaug i 1984.
Hausten 1999 vedtok fylkestinget i Sogn og Fjordane at det skulle krevjast inn bompengar på fergesambanda Hella-Vangsnes-Dragsvik til utbetring av Vikafjellsvegen med sikte på at den kan verte heilårsveg. Vedtaket vert sett i verk når linevalet for heilårsvegen er fastlagt.