- landhandleri, skipshandel, Combi Matsenter m.m,.
Ole Olsen
starta 1861 handel i Florø, seinare overteke av sonen Nicolai. Ein annan son,
Fiskerihistoria i Flora vart stor skips- og fiskebåtreiar. Då Nicolai døydde overtok enkja Marie og dreiv forretninga vidare under firmanamn Olsens Enke A/S - m.a. med skipshandel.
C. F. Christensen
fekk brev på å drive handel i Florø i 1861.
Johan B. Olsen
dreiv på 1860-talet ein landhandel ved Florøeidet. Då Kanalen vart bygd ferdig gjennom Eidet i 1873, la han ned forretninga og drog til Amerika.
Nils Berg
frå Vågsvåg dreiv frå 1864 landhandel i Florø, og kjøpte også fisk i Nord-Noreg. Etter i ei tid i Amerika kom han tilbake til Florø, men sjukdom gjorde at det vart ektemaken og borna som i nokre år dreiv butikken og ein kafé i Florø. Andreas Strømsnes tok over eigedomen og dreiv forretning der frå 1885. Han dreiv også fiskehandel på Nord-Noreg.
F. Faye
starta i 1867 landhandel i Florø. Denne dreiv han saman med eit bakeri.
A. Vasbotten
starta i 1869 forretning i Florø. Det var ektemaken, som også var jordmor, som for det meste styrde forretninga. Sonen deira, A. Vasbotten, tok over då faren døydde, medan ein annan son som heitte Martin, dreiv si eiga forretning litt lengre borte i gata i nokre år.
starta i 1882 som handelsmann i Florø før han satsa på skipsfart og fiskeri.
Peder B. Solheim
starta i 1886 landhandel i Norddalsfjorden. I 1897 bygde han stor forretningsgard i Florø sentrum, der firmaet dreiv daglegvarehandel og avdelingar for sko og manufaktur. Sønene Elias og Bernt tok over i 1924. Landhandelen i Norddalsfjorden har sidan starten vorte driven av familien Solheim.
Brørne Lyder og Bertinus Sunde
starta i 1893 landhandel, bakeri, fiskemottak og trandamperi i Rognaldsvåg. Dei hadde også post og rutebåtekspedisjon. Son til Lyder, Ditlef, tok over i 1915. Hans-Jacob Sunde driv i 2001 som fjerde generasjon framleis landhandelen.
O. Apneseth
starta i 1903 landhandel i Florø. Han hadde tidlegare drive som blekkslagar.
Kornelius Fuglø
starta i 1904 landhandel på øya Batalden under namnet K. Fuglø & Sønn.
Peder Svortevik
starta landhandel i Svortevik i 1906. Enkja Marie dreiv forretninga vidare då mannen døydde i 1916.
And. Haave landhandleri
i Stavang vart skipa 1911 av Anders Haave, som slekta etter den kjende haugianaren
Anders Haave. Verksemda utvida seinare m.a. med høvleri og trelastforretning, og vert framleis driven av familien.
Ludvig Langedal starta i 1919 landhandel i Eikefjord, der han leigde og seinare overtok Svarthumles forretning.
Gustav Mellingen
landhandel på Svanøy starta 1923 – sjå artikkelen:
Kopargruva på Svanøy.
|
Landhandelen til Mellingen på Svanøy starta som butikk ved Svanøy Gruver. (Foto: Thomas Hellum, NRK) |
P. A. Solheim
landhandel vart starta på Solheimsøyra i Norddalsfjorden av Peder A. Solheim på 1920-talet. Han tok då over ein butikk som faren, Anders Bjørnset, hadde drive nokre år. Peder var også postopnar og ekspeditør for Fylkesbaatane. Sonen Anders P. Solheim dreiv butikken til kring 2000.
E. Sundal
landhandel vart starta på Midtbø i Norddalsfjorden kring 1925 av Elias Sundal. Dottera Aslaug E. Sundal tok over og dreiv butikken til den vart lagd ned i 2005.
Olav Havn
var son til
Albert Eikefjord, og kjøpte landhandelen til H. Svarthumle i 1939. Han overtok forretningseigedomar etter Ola Eikefjord og starta mekanisk verkstad og bensinstasjon. Kona Asbjørg starta "Eikefjord manufaktur" i 1951. Sonen Arve Havn overtok i 1976, er bilforhandlar og driv Eikefjord Handel.
landhandel i Eikefjord. Han starta tønnefabrikken Solid A/S i 1948. Fabrikken gav arbeid til 10 personar. Søstera starta og dreiv frå 1946 Storebru Landhandel og Møbelverksted. Eigedomane etter Ola A. Eikefjord er no eigde av Arve Havn, som m.a. driv bilforretning og bensinstasjon (sjå under
Albert Eikefjord).