|
Jens Bloch Helmers. |
Gardstunet låg der Flora Samfunnhus ligg idag, og deler av hovudhuset som brann i 1929, skreiv seg heilt frå 1600-talet. I tunet stod også tingstova. Frå slutten av 1700-talet vart slekta Helmers eigarar.
Jens Bloch Helmers vart brukar i 1849, og då Florø by vart grunnlagt i 1860, stilte han romsleg opp og skøytte ut tomter til dei nye byborgarane.
Den 1,2 kilometer låge øya Rota som vernar hamna mot havbåra, høyrde til Nedre Florøen. Helmers bygde nothus der. Sjølv vart han både posthusstyrar og hamnefut. Sonen til Jens Bloch Helmers var
Jens Severin Bloch Helmers. Han var ein av dei første i Florø som slo seg opp som stor fiskehandlar, sagbrukseigar og tønnefabrikant.
Den andre store garden var "Øvre Florøen" ved Storevatnet. Den vart prestegard då presten Frants Fuhrman i 1755 overtok garden frå Svanøy-futen
Hans Thiis Nagel ved at futen fekk den gamle prestegarden på Skorpa i byte.
|
Florø i 1865. Etter teikning av fyrdirektør C. F. Diriks |
Då byen skulle byggjast, var det vanskelegare å få jord frå presten enn frå Helmers. Først i 1899 gjekk Kinn-presten med på å selje ifrå nokre husmannsplassar, men disposisjon av resten av prestegarden vart diskusjonsemne i bystyret i mange tiår frametter.