Gamle gjestgiveri
Om "Skysskifta og gjestgiveria i Furesund og Hellevik" - sjå
Samferdsle i Flora. Også i Kinnasundet var det handel og gjestgiveri, truleg frå 1600-talet. I sildetida på 1800-talet var det 49 saltebuer og losjihus kring gjestgiveriet i Kinnasundet.
På Kinn var det hollendaren H.C. Lass som dreiv gard og sjøbruk på midten av 1800-talet. Han åtte også Ytterøyane, som han seinare selde til Fyrvesenet då dei bygde Ytterøyane fyr.
Driftige haugianarar
I 1804 kjøpte haugianaren Ole Torgeirsson på Hallingdal
Svanøy Hovudgard og bygde m.a. saltkokeri, skipsbyggjeri, fiskemottak, sagbruk og mølle på Svanøy. Haugianarane var også dei første som bygde saltebuder på dei ytste øyane då sildefisket tok seg opp kring Kinn frå 1811 og utover hundreåret (sjå
Fiskerihistoria i Flora).
Egg- og dunvær
I 1858 fekk Samson Hovden freda nordre del av øya Hovden som egg- og dunvær. Området er framleis naturreservat. Også på Barekstad var det freda egg- og dunvær – ei verksemd og ekstrainntekt som er meir kjend i Nord-Norge enn på Vestlandet.
Ole Olsen
starta 1861 handel i Florø, seinare overteke av sonen Nicolai. Ein annan son,
Elias Olsen vart stor skips- og fiskebåtreiar. Då Nicolai døydde overtok enkja Marie og dreiv forretninga vidare under firmanamn Olsens Enke A/S - m.a. med skipshandel.