Med kapital frå dette oppdrettsanlegget starta han saman med
Ola Braanaas på 1990-talet selskapet
Go-Fish, som etter raske oppkjøp vart eit av dei største oppdretts- og setjefiskselskap i landet. På Færøyane fekk dei kontroll over halvparten av oppdrettsnæringa. Selskapet dreiv også fleire lakseslakteri m.a. i Florø og Davik.
Inn i Norway Seafarms
I 1997 samla Strømsnes og Braanaas dei fleste selskapa sine i Norway Seafarms. Her gjekk Strømsnes sitt eige Haukå Settefisk med underselskap inn, medan Braanaas sitt
Firda Settefisk med underselskap heldt seg utanfor.
I 1999 gjekk Norway Seafarms inn i
Pan Fish, og Gudmun Strømsnes vart leiar for den norske oppdrettsdivisjonen, med hovudkontor i Florø. (Sjå "
Oppdrettshistoria").
Store tap
Strømsnes vart også styremedlem i det verdsomspennande konsernet, men vart saman med
Arne Nore og Bjarte Tunold tvinga ut av styret etter ei gjeldskrise som nær hadde slege
Pan Fish konkurs i 2003. Strømsnes, som i si tid hadde selt sine eigedomar m.a. i byte for Pan Fish-aksjar, tapte store summar. Etter
kollapsen og omorganiseringa i Pan Fish, har Strømsnes drive Haukå Settefisk og Aris AS i Hyllestad på leigekontrakt med Pan Fish.
I 2003 gjekk Strømsnes inn som stor eigar i det nord-norske selskapet North Salmon som m.a. eig fleire oppdrettsanlegg i Finnmark.
|
Haukå Settefisk. (Foto: Arild Nybø, NRK) |