Heilt sidan 1860-åra hadde det budd mange engelske laksefiskarar på garden hans på Nedre Fretheim.
Hotellet vart til ved at Fretheim bygde saman to store bustadhus som stod i gardstunet frå før.
|
Før Flåmsbana var det hesteskyss i Flåmsdalen. foto: A.B. Wilse - Norsk Folkemuseum |
Turisttrafikken over Flåm fekk eit sterkt oppsving då Bergensbana opna i 1909, og Fretheim hadde opptil 15 skysshestar i sving med å å frakte turistar opp og ned dalen.
Christen dreiv hotellet saman med kona Marta, og då han døydde i 1916, stod Marta for hotelldrifta heilt til ho sjølv døydde i 1933. Då tok syskena Atle og Astrid Fretheim over hotelldrifta.
Fretheim Hotell har vorte utvida og ombygt fleire gonger, sist i 2000, og er i dag sentral samarbeidsbedrift til reiselivsselskapet Flåm Utvikling, som m.a. driv
Flåmsbana og hamna i turistsesongen.