skilleUnderholdning: Monsen (trippel)skille_slutt
toppbanner_livet3
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > På livet laus Sist oppdatert 15:52
 

Wildenveys gløymde barn

Når slekt og vener den 20.juli samlar seg for å minnast diktaren Herman Wildenvey på hans 115-årsdag, samlar hans einaste etterkomarar seg i ein liten leilighet på Manglerud i Oslo for å gratulera dotter hans, Hildegard Enge, med 90-årsdagen. Ho er diktarens gløymde barn.

Publisert 09.07.2001 12:12. Oppdatert 30.11.2001 09:42.
Før Herman Wildenvey gifte seg med sin Gisken, fekk han to døtre med same mor, Marie Andersen. Hildegards eldste søster, Lillian Sonning, vart bortadoptert. Ho fekk utdanning og heldt kontakt med far sin. Men då Hildegard to år etter kom til verda, sa diktaren at det fekk vera nok med eitt barn.

Mi ulykke di skuld, sa mor

Mens storesøster Lillian vart ein kjend journalist som hadde kontakt med far sin og også med veslesøstera, kom Hildegard til mor si frå barneheimen 2 år gamal. Her vaks ho opp ilag med stefar, ein halvbror og ei mor som ga dotter si skulda for sitt ulykkelege liv. Far sin, diktaren, møtte ho berre ein gong som 17-åring, eit underleg møte på ei trapp.

Diktarens gener

Den 21. juli fyller Hildegard Enge 90 år. Dagen før ville faren fylt 115.
-Men jeg blir nok ikke med for å hylle ham! seier dottera som skulle syna seg å bli den einaste som fører diktarens slekt vidare. Gisken og Herman tok til seg eit barn, og storesøster Lillian var barnlaus.

Arven frå far

I godt vaksen alder opplevde Hildegard Enge gleda ved å forma ord til små vers. Ho er opptatt av naturen, men også faren har fått sitt rim:
-du var stor som dikter, men som far var du liten - med lyster.....
Versa om far har ho aldri framført tidlegare, for få veit kven ho er.
Når ho på eldresentra i byen formidlar frå diktsamlinga si, får ho gjerne ros. Då kan det halda hardt å tia med kven ho er.

Mors store kjærleik

Ein av dei som visste om dottera, var forfattaren Tom Lotherington som i 1994 ga ut bok om Wildenveys liv. I boka undrar han seg over kven. kvinna var som fødde Wildenveys einaste born.
Var det berre eventyr-kveldar som førde til farsskap?
Hildegard er sikker på at mor elska diktaren heile livet. Det var det som var ulykka.



Av Åshild Ulstrup
På livet laus, NRK P2, 15. juli 2001





Siste saker:
Flere saker: ALT OM ANDRE PORTRETT

 
Søk i NRK Nettradio
Banner Redaksjonen
PÅ LIVET LAUS
Sendetider i P2:
Søndager kl. 8.30
Torsdager kl. 14.30 (R)
KOLOFON
Post: RC41, NRK, 0340 OSLO
På livet løs
Tlf: 23 04 88 64
Faks: 23 04 74 70
10 SISTE PÅ LIVET LAUS
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no