OVERSIKT NYHETER SPORT MUSIKK UNDERHOLDNING FILM LITTERATUR MAT BARN UPUNKT
NRK Portrett

Her er du: NRK > Programmer > Radioarkiv > Sånn er livet > Samfunn > Portrett

Oppdatert 22.11.2004 15:22

PORTRETT

SAMFUNN
 

Feminist – og tidlegare marxist?

Friedan, Betty (1921-)

Publisert 04.05.2001 07:56 - Oppdatert 04.05.2001 13:07

I 1952 skreiv ein journalist ein pamflett om kvinnekamp i ein stor og venstreradikal amerikansk fagorganisasjon. Journalisten var Betty Friedan, mangeårig pressemedarbeidar i fagrørsla.
Seinare har ho sagt at ho ikkje var klar over at kvinner blir diskriminerte før ho skreiv ”Myten om kvinnen”. Har ho ei fortid ho helst vil løyne?


Betty Friedan vart verdskjend med boka ”The feminine Mystique” – ”Myten om kvinnen” - som kom ut i USA i 1963 og selde i eit opplag på tre millionar. I Norge kom boka fire år etter. Boka er blant dei hundre bøkene som har fått mest innverknad – i følgje ei liste hundre norske professorar sette opp for nokre år sidan.

Elske, ikkje krige

I USA gjæra det kraftig blant kvinnene mot slutten av 60-talet – samtidig med at afro-amerikanske grupper organiserte seg på venstresida, motstanden mot krigen i Vietnam samla store protestmarsjar, og hippiefolket sveva rundt med sin bodskap om å elske, ikkje krige.

Eg var så heldig å vera i New York den 26. august 1970, da Betty Friedan tala i Bryant Park, den dagen var Fifth Avenue smekkfull av kvinner og ein del menn, på femtiårsdagen for kvinnestemmeretten i USA. Kvinnerørsla med Friedan i spissen arrangerte Women’s Strike for the Unfinished Business of Equality – kvinnestreik for likestilling.

Og som Friedan optimistisk sa i talen sin:

- Vi har forstått kva makt som ligg i solidaritet, kva makt det er i søsterskap. Når kvinner når si fulle frigjering, vil også menn bli i stand til å elske, ikkje krige.

Bettye med e

Bettye Naomi Goldstein vart fødd 4. februar 1921 i Peoria i staten Illinois. Faren var eigar av ei gullsmedforretning, og mora hadde gått frå jobben som journalist i lokalavisa for å bli husmor.

Betty kvitta seg med e-en, reiste frå Peoria og utdanna seg ved kvinneuniversitet Smith College. Ho har sagt at for første gong kjende ho seg ikkje utanfor fordi ho var intelligent. Ho var redaktør for studentavisa og avslutta psykologi-studiet med glimrande resultat.

Frå 1943 og utover var ho sterkt engasjert som journalist for fagrørsla. I 1947 gifta ho seg med krigsveteranen Carl Friedan og slo seg ned i ein New York-forstad, der ho i ti år var husmor og fekk tre barn.

Kommunist?

Tida hennar i fagrørsla har ho aldri snakka om – i seinare år har historikaren Daniel Horowitz gitt ei framstilling av kva ho da gjorde og stod for, blant anna at ho alt den gongen var sterkt engasjert i kvinners manglande rettar i arbeidslivet. Han plasserer henne i pene ordelag på venstresida i politikken, andre går så langt som til å hevde at ho var stalinistisk marxist, og profesjonell propagandist for kommunistane, og skuldar henne for å lyge om og løyne si eiga fortid. Men kor langt hadde ho nådd med ei bok som herma teoriane til Friedrich Engels?

Problemet utan namn

Betty Goldstein Friedan var ikkje interessert i å flagge si venstreradikale fortid da ho gav ut ”Myten om kvinnen”. Ho ville nå alle kvinner, og i 1963 var dei fleste av dei husmødre. Første kapittel presenterer ”Problemet uten navn”:

Problemet har ligget begravd og fortiet i amerikanske kvinners bevissthet i mange år. En underlig uro, en fornemmelse av utilfredshet, en lengsel, har i midten av det tjuende århundre plaget kvinnene i Amerikas forente stater. Den enkelte husmor i forstedene kjempet alene med sitt problem. Mens hun redde senger eller gjorde innkjøp, mens hun trakk om møblene eller spiste sammen med barna, mens hun lå ved mannens side om natten – våget hun ikke en gang å stille seg selv det tause spørsmål – ”Er dette det hele?”

Vanskeleg person

For eit par år sidan kom ein biografi om Friedan, skrive av Judith Hennessee. Der framstår Friedan kløyvd i to: som ei enorm kraft i kvinnefrigjeringsarbeidet, men også som ein egoistisk, humørsjuk, arrogant person.

Ho har også sagt det sjølv: ho er vanskeleg å koma ut av det med. Ho var med og stifta kvinneorganisasjonen NOW – National Organization of Women - i 1966, og var leiar i fire år, da måtte ho stige ned. Ho har vore i konflikt med mange – også med sine kjende jødiske medsøstre Bella Abzug og Gloria Steinem. Ho er best til å starte ting, ikkje drive dei.

Mannen ikkje fiende

Betty Friedan har alltid sendt ut appellar til menn om å stå saman med kvinner i likestillingskampen, og ho har vore sterkt kritisk til feministar som ikkje har sans for familie, ekteskap, morsrolle og menn. Dette er ingen soveromskrig, det er ei politisk rørsle:

Ho meiner det er mildt sagt dårleg strategi å gjera seksuell trakassering til eit hovudpunkt når det er jobbar det dreiar seg om.

Eitt steg tilbake?

I 1982 kom Friedan med ny bok: "Neste fase". Ho meiner sjølv ho har gode antenner, og hadde nå fanga opp at frigjeringa kosta for mykje: dei unge kvinnene tok til å lengte heim til barn og husmoridyll. Friedan skriv at ho nå, tjue år etter Myten om kvinnen, er plaga av ei ny uro:

- Jeg lytter til min datter, sønnene mine og andre unge som jeg møter når jeg foreleser, gir kurser og seminarer ved universitetene eller i feministgrupper her i landet og ellers i verden. Jeg føler at noe er helt galt, fullstendig skjevt, i den måten de prøver å leve ut den likestillingen vi kjempet for.

- Disse døtrene begynner å bli eldre nå. De arbeider så hardt og er så fast bestemt på ikke å bli fanget i samme felle som mødrene. De har så store forventninger, og tar alle de mulighetene vi måtte slåss for, fullstendig for gitt. Fra dissse unge kvinnene begynner jeg nå å høre undertoner av smerte, forvirring, ubehag, uro, ja, nesten en form for bitterhet som de knapt våger å vedstå seg.

Mange feministar fann boka bakstreversk, og skulda Friedan for å ville ha kvinnene heim igjen. Ho la for lite vekt på at samfunnet, arbeidslivet og fedrene må omstille seg for at både kvinner og menn skal få ein betre balanse mellom familie og yrke.

Bort med eldremyten

Betty Goldstein Friedan fylte 80 i februar 2001, og ho skyt friske skot framleis, med boka ”Alderdomskilden” frå 1993 har ho prøvd å knuse myten om at det er ein fiasko å vera gamal.

”Eg fryktar at vi får eit mykje vanskelegare klima, og at vi må slåss,” sa ho etter at abortmotstandaren president Bush på første arbeidsdagen stansa all offentleg støtte til internasjonale organisasjonar som driv familieplanlegging og abortrådgjeving.

Så ho blir framleis spurt, framleis intervjua. Hennar medisin er å stadig kaste seg ut i noko nytt, gjerne noko som inneber risiko.

I mai 2000 kom memoarboka hennar, ”Life so far”, ut – der ho blant anna skriv om at Carl Friedan, som ho var gift med i 22 år, slo henne. Da ho vart berømt og velståande etter suksessen med ”Myten om kvinnen”, gav boka henne økonomi til å bryte ut av ekteskapet.

Kva vil ho skal stå på gravsteinen sin?

"Betty Friedan fekk kvinner til å kjenne større glede ved å vera kvinner. Derfor vart dei betre i stand til å elske seg sjølve - og menn".

Av Astrid Brekken
Sånn er livet, NRK P2, 7. mai 2001


 
 
SØK

Banner Helge Ingstad 140
Banner portrett 1800 140
Banner portrett 1900 140
10 SISTE PORTRETT
05.09.2001 11:03
Egil Ulateig
31.08.2001 12:40
Alfred Nobel

Copyright NRK © 2001   -  Telefon: 815 65 900  -   E-post: info@nrk.no   -   21.12.2008 12:11