skilleUnderholdning: Monsen (trippel)skille_slutt
Nettmøte 3_1
Her er du: NRK.no > Nettmøte Sist oppdatert 11:10
DEBATTÉR
Når vi ikke har nettmøte kan du debattere med andre brukere på NRK.no. Velg mellom mange typer temaer, eller start din egen debatt.
 
 
 

SV vil fronte skatten

- Skattedebatten er egentlig en verdidebatt, skriv SV-leiar Kristin Halvorsen i nettmøte på nrk.no.
Ho lovar å fronte skatt som noko positivt på NRK 1 i kveld.

Se spørsmål og svar her


Publisert 03.09.2003 17:15. Oppdatert 04.09.2003 16:57.
Leiar i Sosialistisk Venstreparti Kristin Halvorsen har i dag svart på spørsmål frå nettbrukarane på NRK.no.

SV-leiar Kristin Halvorsen er gjest i dagens partileiar-utspørjing i Her og Nå.
- Er politikarar redde for å bruke ordet "skatt" i ein positiv samanheng i tv-debattar, og for at folk ikkje skjøner at skatt er positivt, nemleg eit spleiselag for å gjere landet betre, spurde ein av deltakarane i nettmøtet.

- Jeg skal prøve meg i kveld på NRK! svarte Kristin Halvorsen.
- Skattedebatten er egentlig en verdidebatt! Enig!

Grunnen til at Halvorsen nemner NRK er duellen mellom henne og Per Kristian Foss (H) i Valg-RedaksjonEN på NRK 1 i kveld.

Vil ha fleire utleigebustader

Eit anna av dei mange spørsmåla Halvorsen fekk, handla om at land som Sverige, Frankrike, Tyskland og Nederland har kommunale bustadselskap som byggjer og leiger ut rimelege bustader.

- I Nederland byggjer og sel dei bustader til sjølvkost. Slik held dei levekostnadane nede for vanlege folk. Kvifor kan ikkje vi gjere det same? var spørsmålet.

- Svært god ide som SV har tatt opp på Stortinget, svarte Halvorsen.
- Bolig er nøkkelen for manges velferd og Norge ligger sørgelig lavt når det gjelder rimelige utleieboliger. I EU er ca. 20 prosent av boligene rimelige utleieboliger - i Norge 4 prosent. Vi skal stå på med dette!

Alle partileiarane stiller

Alle dei åtte partileiarane i dei landsomfattande partia blir intervjua av Gro Arneberg i Her og Nå på NRK P1 dei siste to vekene før valet. Dette blir valets einaste partileiar-utspørjingar. Etter kvart intervju svarer partileiaren på nettbrukarane sine spørsmål på nrk.no.

Dagens utspørjing kjem til å ta for seg sentrale saker for Sosialistisk Venstreparti, og i utgangspunktet skal det vere fire tema. Utspørjinga vil også innehalde ein reportasje som Halvorsen skal kommentere.

- Målet er å gjere det tydeleg kva kvart enkelt parti står for, seier utspørjar Gro Arneberg.

Det blir fleire nettmøter

Dette er den vidare rekkefølgja for partileiarutspørjingane i Her og Nå og påfølgjande nettmøter:

Mandag 8. september: Jan Petersen, H
Tysdag 9. september: Jens Stoltenberg, Ap
Onsdag 10. september: Torstein Dahle, RV
Torsdag 11. september: Valgerd Svarstad Haugland, KrF

Carl I. Hagen, Åslaug Haga og Lars Sponheim har allereie gjesta i partileiarutspørjinga og i nettmøte på nrk.no.

LENKER
Siste saker:

 
HVEM VIL DU HA NETTMØTE MED PÅ NRK.no?


 
 
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no