skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Nyheter/Innenriks/valg/valg 2003 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Innenriks > Valg > Valg 2003 Sist oppdatert 14:48
Valg 2003
Alt om valg 2003.
Alt om valget i ditt distrikt:
 
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

Vil ikkje slakte bøndene

- Alle forstår at ein bonde må få meir igjen for kjøtet frå oksen enn det foret han stappar inn gjennom mulen, seier Lars Sponheim. Han vil sikre fortsatt høge tollsatsar og unngå å bli eit symbol på bondeslakt.

Publisert 03.09.2003 16:33. Oppdatert 03.09.2003 17:34.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:
Av Kjetil Malkenes Hovland

Lars Sponheim var i nettmøte på NRK.no onsdag: Se spørsmål og svar her

Landbruksministeren har hatt ein travel dag med landbruksforhandlingane i Verdas handelsorganisasjon.

- Det her er veldig alvorlege tema som også handlar om den norske lokalvalkampen, seier Lars Sponheim.
- Så mange norske kommunar er avhengige av det landbruket vi har i dag. Og her ligg det forslag og interesser som står mot dei norske, og som vil få dramatiske for norske kommunar. Det som skjer i Mexico i oppløpet på den norske valkampen er også ganske avgjerande for den norske valkampen.

Fekk sjakkbrett utan bønder

Tidlegare i dag fekk Sponheim overrekt eit sjakkbrett tomt for bønder. Gåva kom frå Noregs Bondelag, som fryktar eit rasert landbruk dersom dei store landa får gjennom viljen sin under forhandlingane i Cancun i Mexico i neste veke.

- Vi i regjeringa slåss for dei norske interessane, seier Sponheim.
- Vi vil sikre så høge tollsatsar at det i det heile tatt er mogeleg å ha ein norsk produksjon, for å seie det enkelt. Alle forstår at ein bonde må få meir igjen for kjøtet frå ein okse enn det foret han stappar inn gjennom mulen. Eller så sluttar han å fore han, eller har ikkje den oksen. Og det er det som er hovudjobben. Elles slåss vi for høvet til å oppretthalde internstøtta og ha eit landbruk over heile Noreg.

Før nettmøet onsdag møtte Lars Sponheim protesterande bønder utanfor Utanriksdepartementet. Bøndene fryktar eit rasert landbruk viss Verdas Handelsorganisasjon fjernar tollmurane på import av matvarer.























- Kan få dramatiske konsekvensar

Saman med utanriksminister Jan Petersen orienterte landbruksministeren i dag Stortinget sine organ om dei foreståande forhandlingane i Mexico neste veke. WTO-forhandlingane kan få dramatiske konsekvensar.

- Viss til dømes nokre av dei store landa som står mot Noreg her skulle få gjennomslag, så kan konsekvensane bli så store at vi nesten ikkje vil ha noko landbruk att i Noreg, anna enn rundt Oslofjorden og på Jæren. Og det er eit ganske annleis Noreg enn det Venstre og regjeringa vil ha, seier Sponheim.

Senterpartiet har klaga Noreg for å gi opp punkt etter punkt i forhandlingane med Verdas Handelsorganisasjon. Men Sponheim syns ikkje Noreg si haldning er for passiv.

- Senterpartiet slår billig valkamp-mynt

- Senterpartiet snakkar ikkje sant, og dei har ikkje kunnskapsgrunnlag til å snakke betre enn det dei gjer, ser det ut til, seier Sponheim.
- Det er slik at det er heilt avgjerande for norsk landbruk no at regjeringa får gjort den jobben vi i dag orienterte landbruket sjølv om. Det at Senterpartiet prøver å slå billig valkamp-mynt på eit så alvorleg spørsmål for norske bønder, syns eg bøndene bør merke seg.

Men Venstre-leiaren trur ikkje det er usemje om at landbruket må effektiviserast i framtida.

- Uansett kva som skjer i Cancun, vil det gå i retning av at landbruket må effektiviserast, og det vil bli noko meir tilbod på importert mat i Noreg, seier Sponheim.
- Det avgjerande er at vi tek vare på norsk produksjon på dei viktigaste områda for norsk landbruk, kjøt og mjølk.

- Vil ikkje slakte bøndene

Lars Sponheim vil unngå å bli ståande som eit symbol på den omfattande bondeslakten som mellom anna Noregs Bondelag fryktar.

- Nei, sånn har eg ikkje tenkt å stelle meg, og difor er eg så aktiv som eg er i desse forhandlingane, seier Sponheim.
- Eg er landbruksminister i denne regjeringa så lenge eg kan ta ansvaret for det regjeringa står for og er med på. Det kjem eg til å vere tydeleg på, kva eg kan ta ansvaret for som landbruksminister. Ikkje minst er det viktig for partiet mitt, Venstre, som nettopp er oppteken av distrikta og dei små kommunane, og høvet til å lukkast også utanfor byane når det gjeld næringsliv.

LENKER
Siste saker:

Start fleskespillet Start valgtesten Ta valgskolen
Det store valgfleskspillet
 
LES OM VALGET I DIN KOMMUNE
10 SISTE NYHETER
Følg debattane i
Stortinget på
direkten.
Video Video  Lyd Lyd
30 SISTE VALGNYHETER FRA HELE LANDET
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no