skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Nyheter/Innenriks/valg/valg 2003 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Innenriks > Valg > Valg 2003 Sist oppdatert 14:48
Valg 2003
Alt om valg 2003.
Alt om valget i ditt distrikt:
 
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

Ynskjer ikkje million-innvandring

RV er kjend for å ville ha ein million innvandrarar til Noreg, men det talet står ikkje RV-leiar Torstein Dahle inne for. Onsdag stilte Dahle i nettmøte på NRK.no.

Publisert 10.09.2003 16:33. Oppdatert 10.09.2003 17:36.
Av Kjetil Malkenes Hovland

Onsdag var Torstein Dahle i nettmøte på NRK.no. Se spørsmål og svar.

Dahle var også i partileiar-utspørjinga i Her og Nå på NRK P1. Høyr utspørjinga av RV-leiar Torstein Dahle (Reporter: Gro Arneberg).

RV er tidlegare kjend for å ville ha ein million innvandrarar til Noreg, men det talet står ikkje RV-leiar Torstein Dahle inne for.

RV-leiar Torstein Dahle
- Vi har ikkje sett noko tal, og den millionen var ei spissformulering frå Jon Michelet som eg syns var særleg velvalgt, for det gav inntrykk av at vi stod overfor ein flaum. Det er rett og slett ikkje riktig. Det er mykje misbruk av statistikk når det gjeld innvandrarar, og det er også ei form for svartmåling.

- For små skilnader mellom partia

Innvandringspolitikken låg an til å verte den store saka i denne valkampen, men slik gjekk det ikkje. RV-leiaren meiner partia er blitt for like.

- Dei er kanskje ikkje fullstendig samde, men det er diverre blitt altfor små skilnader her, seier Dahle.
- Eg syns at no bøyer ein kne over ein lav sko for eit einsidig og svart bilete på flyktningar, asylsøkjarar og innvandrarar. Ein puttar forresten alle i same sekken, og det tykkjer eg er deprimerande. Det er viktig å prøve stå oppreist i den stormen der.

Sjølv meiner RV-leiaren han har sitt på det tørre.

- Det meiner eg vi har. Vi meiner faktisk at det er veldig viktig at nokon står på for medmenneskelegheit og internasjonalt ansvar. Det er viktig å peike på at det ein set opp som ein motsetnad, det å gi innvandrarar eit skikkeleg tilbod og det å skape ei god eldreomsorg, det er berre tull.

Skryt av Tampa-kapteinen

Dahle peikar på det Arne Rinnan på skipet Tampa gjorde.

- Han nekta å bøye seg for den Carl I. Hagen-type statsminister som Australia har, John Howard, som ville avvise 430 flyktningar frå Afghanistan, muslimske asylsøkarar. Rinnan sa at vårt ansvar som sjøfolk er å stille opp uansett hudfarge, nasjonalitet eller religion.

RV ynskjer mindre arbeidsinnvandring til Noreg, samtidig som dei vil ha meir innvandring. Men kva er eigentleg skilnaden?

- Det vi er opptatt av å avgrense og setje ein stoppar for, det er at det faktisk foregår ei viss mafiaverksemd ved at det vert organisert innvandring nærmast på slavevilkår, av folk frå baltiske land og Polen. Det vert brukt til å øydeleggje lønns- og arbeidsforhold på norske arbeidsplassar. Det er vi imot, seier Dahle.


LENKER
Høyr utspørjinga av RV-leiar Torstein Dahle (Reporter: Gro Arneberg) Høyr utspørjinga av RV-leiar Torstein Dahle (Reporter: Gro Arneberg)

Start fleskespillet Start valgtesten Ta valgskolen
Det store valgfleskspillet
 
LES OM VALGET I DIN KOMMUNE
10 SISTE NYHETER
Følg debattane i
Stortinget på
direkten.
Video Video  Lyd Lyd
30 SISTE VALGNYHETER FRA HELE LANDET
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no