skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Nyheter/Innenriks/valg/valg 2003 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Innenriks > Valg > Valg 2003 Sist oppdatert 14:48
Valg 2003
Alt om valg 2003.
Alt om valget i ditt distrikt:
 
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

Vil ikkje gi jobbgaranti

Jens Stoltenberg trur det er mogeleg å gi alle i Oslo tilbod om jobb, skule eller tiltak innan eitt år. Men han vil ikkje gi ein slik garanti for heile landet.

Publisert 09.09.2003 16:48. Oppdatert 09.09.2003 16:49.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:
Av Kjetil Malkenes Hovland

I dag møtte Jens Stoltenberg i nettmøte på NRK.no. Se spørsmål og svar.

I partileiar-utspørjinga i dagens Her og Nå på NRK P1 vart Stoltenberg spurd korleis han vurderer muligheita for at alle Osloborgarar skal få tilbod om jobb, skule eller tiltak innan eitt år.

- Det meiner eg er blant dei tinga som er mogeleg å innfri, sa Stoltenberg.

Jens Stoltenberg stiller seg bak Rune Gerhardsen sitt løfte om jobb, skuleplass eller tiltaksplass til alle i Oslo innan eitt år, sjølv om samarbeidspartner SV er usamd.
- Eg oppfattar dette forslaget, utan at eg kjenner alle detaljane, som eit tilbod. Og det veit eg at det tidlegare Arbeidarpartiet- og SV-byrådet i Oslo jobba med sist gong, nemleg at ingen skulle gå på sosialhjelp eller arbeidsløysetrygd i lange periodar utan å få i alle fall eitt eller anna tilbod om å gjere noko arbeid til gjengjeld.

Lovar jobb, skule eller tiltak

Arbeidarpartiet sin byrådsleiarkandidat i Oslo Rune Gerhardsen har gått så langt som å love dette svart på kvitt:

”Til Oslos borgere! Jeg lover tilbud om jobb, skole eller tiltak innen tre måneder for ungdom under 25 år, og innen 12 måneder for andre. Gode hilsener Rune G.”

Men Ap-leiaren vil ikkje gi ein slik garanti for heile landet.

- Nei, eg gjer ikkje det for heile landet, men det vi lovar for heile landet er å innføre ungdomsgarantien igjen. Innan eit halvt år eller 26 veker skal alle ha fått eit tilbod om helst vanleg utdanningsplass eller jobb, eller ei eller anna form for arbeidsmarknadstiltak, seier Stoltenberg.

- Og det er mogeleg. Og det er også viktig for å unngå at folk går lenge ledige. Vi veit at arbeidsløysa lett bit seg fast på eit høgt nivå. Folk vert støytt ut og kjem ikkje i jobb at når økonomien betrar seg. Og då er det betre at dei har eit tiltak, opplæring og kvalifisering. Dei har i alle fall noko å stå opp til om morgonen.

- Urealistisk, seier SV

Arbeidarpartiet sin samarbeidspartner i Oslo, Kari Pahle (SV), seier til VG at "alle skjønner at det er helt urealistisk å gi slike garantier".

- Vi har langt på veg innført noko liknande tidlegare, med ungdomsgarantien. Den inneber ikkje at det blir null arbeidsløyse mellom unge. Det skal ta eit halvt år før ein får dette tilbodet, og det er ikkje alle som seier ja til tilbodet.

Men i Oslo vil Rune Gerhardsen ha ein garanti på tre månader.

- Ja, om det er tre eller seks månader må ein diskutere og avgjere lokalt, seier Stoltenberg.

- Men då vi hadde ungdomsgarantien kom vi veldig langt i å gi alle unge eit tilbod.

Vil bruke trygdepengane

På spørsmål om korleis ein slik sysselsetjings-garanti skal finansierast, svarte Stoltenberg at han vil bruke dei pengane som i dag blir brukt på arbeidsløysetrygd og sosialhjelp.

- For i lengda er det ganske meiningslaust at i eit land med mange uløyste problem, så skal unge gå utan å gjere noko, men få betalt sosialhjelp eller arbeidsløysetrygd. Noko av det som ligg i dette er ideen om å gjere si plikt og kreve sin rett, altså at alle skal ha rett til arbeid, men også plikt i å yte noko tilbake.

LENKER
Siste saker:

Start fleskespillet Start valgtesten Ta valgskolen
Det store valgfleskspillet
 
LES OM VALGET I DIN KOMMUNE
10 SISTE NYHETER
Følg debattane i
Stortinget på
direkten.
Video Video  Lyd Lyd
30 SISTE VALGNYHETER FRA HELE LANDET
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no