Venstre-leiar Lars Sponheim forsvarer at staten esar ut under Venstre og Høgre sitt styre. Statsadministrasjonen har vokse med meir enn tusen tilsette sidan Sponheim & co. kom til makta.
Av
Kjetil Malkenes Hovland
Nettmøte med Lars Sponheim på NRK.no:
Se spørsmål og svar her.
I går kunne Dagsrevyen fortelje at staten har vokse med meir enn eitt tusen tilsette sidan Bondevik II-regjeringa kom til makta.
|
Venstre-leiar Lars Sponheim |
Det er både greitt og forklarleg, meiner Venstre-leiar Lars Sponheim.
Vekst kan vere naudsynt
Det kan vere naudsynt med statleg vekst sjølv om mange kommunar må skjere ned, sa Venstre-leiaren i partileiar-utspørjinga i Her og Nå på NRK P1 i ettermiddag.
- Det er klart staten sine oppgåver på enkelte område, til dømes politiområdet, som er eit viktig statleg innsatsområde, må til eikvar tid vere ein konsekvens av det som er utfordringane på det området.
- Ikkje imot fleire politifolk
Sponheim stadfesta at Venstre i utgangspunktet ynskjer å halde statsadministrasjonen nede.
- Jau, viss det er administrasjon og byråkrati, så er det det. Og det prøver vi å bidra til, ikkje minst gjennom stramme budsjett, sa Sponheim.
- Men det er også slik at det vert utført ein del oppgåver som diverre veks i samfunnet, ikkje minst politioppgåver. Vi kan ikkje vere prinsipielt imot at det er mange nok politifolk.
Sponheim ser paradokset i at staten veks medan Høgre og Venstre sit med roret.
- Eg er samd i det at staten ikkje bør vekse seg inn på fleire område. Men vi må løyse staten sine oppgåver som dei er i dag, seier Sponheim.
- Politi har vi nemnt, universitet, forsking er ikkje minst ei viktig oppgåve for staten. Men vi skal ikkje bruke staten sine tilsette til å komme nærare folk sitt privatliv, til dømes, slik som sosialistar og sosialdemokratar hadde gjort om dei hadde hatt sjansen i regjeringskontora.