I fleire byar kan RV avgjere kven som får makta etter valet. Partileiar Torstein Dahle opnar for RV-støtte til Ap slik at Rune Gerhardsen får styre byrådet i Oslo.
Raud Valallianse kan bli avgjerande for kven som får makt i fleire byar etter valet.
I partileiar-utspørjinga i Her og Nå på NRK P1 i dag opna RV-leiar Torstein Dahle for samarbeid med Arbeidarpartiet i Oslo, slik at Rune Gerhardsen kan bli byrådsleiar.
RV vil ikkje å stikke kjeppar i hjula for Gerhardsen.
Vil ikkje ha privatisering
RV-leiar Torstein Dahle.
- Ikkje viss han oppfører seg ordentleg og ikkje finn på noko privatiseringsinitiativ eller noko slikt. Men vi stiller krav til eit slikt byråd, seier Dahle.
- Spørsmålet om privatisering er veldig klart. For oss er det også viktig at straumnettet og straumforsyninga er i offentleg eige. Det er to viktige punkt. Nedskjeringar på viktige område vil RV også stå veldig konsekvent imot.
Også i Bergen er Ap og SV ute etter ein raudgrøn allianse med RV for å stoppe Høgre og Framstegspartiet. Men der vil RV stille endå sterkare krav.
Strenge krav i Bergen
- I Bergen har Arbeidarpartiet vore i maktposisjon i mange år, og dei har gjort seg skuldig i mange ille avgjerder, seier Dahle.
- i Bergen foreslått skulenedleggingar, dei har innført ei eldrereform der dei eldre får fabrikklagd mat i staden for nylaga mat. Ap var så ivrig etter å få gjennom reformen at dei svelgde privatisering av dette gigantkjøkkenet. Viss vi skal slå slagkraftig mot Friele og Høgre i Bergen, kan vi ikkje stå arm i arm med Arbeidarpartiet.