skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Nyheter/Innenriks/valg/valg 2003 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Innenriks > Valg > Valg 2003 Sist oppdatert 14:48
Valg 2003
Alt om valg 2003.
Alt om valget i ditt distrikt:
 
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

Sponheim vil ha gassferjer

I haust vil regjeringa bestille 4 nye gassferger som skal setjast inn på sentrale samband på Vestlandet. Det var noko av det som kom fram i Lars Sponheim sitt nettmøte på NRK.no onsdag.

Se spørsmål og svar her


Publisert 02.09.2003 17:25. Oppdatert 03.09.2003 17:52.

I dag var Lars Sponheim gjest i partileiar-utspørjinga i Her og Nå og nettmøte på NRK.no.

Eitt av spørsmåla gjekk på korleis Venstre ser på å setje inn gassferjer på dei mest trafikkerte strekningane langs kysten, som eit miljøtiltak.

I dag er det Venstre-leiar Lars Sponheim som deltek i Her og Nå si partileiar-utspørjing.
- Vi ser positivt på det, og Samferdselsdepartementet med Venstres Torild Skogsholm vil i høst bestille 4 nye gassferger som skal settes inn på sentrale samband på Vestlandet. Det gir gode miljømessige resultater og sikrer verftsindustrien langs kysten, skreiv Sponheim på NRK.no.

Skulda Senterpartiet for løgner

Eitt av spørsmåla gjekk på Sponheim sine skuldingar mot Senterpartiet i onsdagens partileiar-utspørjing i Her og Nå på NRK P1.

- Senterpartiet snakkar ikkje sant, og dei har ikkje kunnskapsgrunnlag til å snakke betre enn det dei gjer. Det at Senterpartiet prøver å slå billig valkamp-mynt på eit så alvorleg spørsmål for norske bønder, syns eg bøndene bør merke seg, sa Sponheim i utspørjinga.

Reagerte på skuldingane

Ein av deltakarane i nettmøtet på NRK.no reagerte på utsagnet frå Sponheim.

- Sponheim går på lufta og åtvarar folk mot Senterpartiet, fordi Senterpartiet lyg. Det er sterke skuldingar du kjem med, skreiv ho.

- Jeg står for det jeg har sagt, svarte Sponheim.
- Senterpartiet kommer med påstander det ikke er dekning for og de har heller ingen forutsetninger for å ha innsikt i de interne vurderingene i regjeringen. Vi arbeider aktivt for å sikre et norsk landbruk også i framtiden, det arbeidet blir vanskeligere når Senterpartiet slenger om seg med løse påstander og beskyldninger som ikke er sanne.

- Uforståeleg med Venstre-ministrar!

Ein nettbrukar spurde Sponheim om det er demokrati å ha to representantar på Stortinget, og tre i regjeringa.

"For oss "dødelige" er dette totalt uforståelig," skreiv spørsmålsstillaren.

- Slik er parlamentarismen i Norge, svarte Sponheim.
- Dessuten ble vi innstendig invitert inn i regjering av andre partier. Det er også mulig å snu litt på dette uforståelige. For oss er det uforståelig at vi må ha så mye som 50.000 velgere bak hver stortingsrepresentant, mens de andre partiene har drøyt 20.000. Hadde det vært likhet her hadde vi hatt 5 representanter i stedet for 2.

Alle partileiarane stiller

Alle dei åtte partileiarane i dei landsomfattande partia blir intervjua av Gro Arneberg i Her og Nå på NRK P1 dei siste to vekene før valet. Dette blir valets einaste partileiar-utspørjingar. Etter kvart intervju svarer partileiaren på nettbrukarane sine spørsmål på nrk.no.

Dagens utspørjing kjem til å ta for seg sentrale saker for Venstre, og i utgangspunktet skal det vere fire tema. Utspørjinga vil også innehalde ein reportasje som Sponheim skal kommentere.

- Målet er å gjere det tydeleg kva kvart enkelt parti står for, seier utspørjar Gro Arneberg.

Det blir fleire nettmøte

Dette er den vidare rekkefølgja for partileiarutspørjingane i Her og Nå og påfølgjande nettmøter:

Torsdag 4. september: Kristin Halvorsen, SV
Mandag 8. september: Jan Petersen, H
Tysdag 9. september: Jens Stoltenberg, Ap
Onsdag 10. september: Torstein Dahle, RV
Torsdag 11. september: Valgerd Svarstad Haugland, KrF

FrP-leiar Carl I. Hagen og Sp-leiar Åslaug Haga har allereie vore gjestar i partileiarutspørjinga og i nettmøte på nrk.no.

LENKER
Siste saker:

Start fleskespillet Start valgtesten Ta valgskolen
Det store valgfleskspillet
 
LES OM VALGET I DIN KOMMUNE
10 SISTE NYHETER
Følg debattane i
Stortinget på
direkten.
Video Video  Lyd Lyd
30 SISTE VALGNYHETER FRA HELE LANDET
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no