Arbeidarpartiet ligg an til å få to kandidatar på Stortinget frå Sogn og Fjordane. Det syner eit partibarometer MMI har laga for NRK og Dagbladet.
Av
Lars Petter Degnepoll og
Kjell Arvid Stølen
Men fylkesleiar i Arbeidarpartiet, Tor Bremer, torer ikkje ta sigeren på førehand.
|
Ingrid Heggø. Arkivfoto Terje Gilleshammer NRK |
Lite grunnlag
For resultata for Sogn og Fjordane er svært usikre, sidan det er få frå fylket som har svart på spørjegranskinga. Men MMI opplyser at det er rimeleg sikkert at Ap og Sp konkurrerer om dei tre første mandata, og at det er Ap som no ligg inne med både Reidar Sandal og Ingrid Heggø.
Frp og SV nærast sistemandatet
Talmaterialet tyder også på at det er Framstegspartiet og Sosialistisk Venstreparti som konkurrerer om det siste faste mandatet frå Sogn og Fjordane. Dermed må Høgre og Kristeleg Folkeparti håpe på utjamningsmandat om dei skal få sine kandidatar på tinget. Dei raudgrøne kan altså kome til å gjere eit kjempeval i Sogn og Fjordane.