skilleRadio på nettskilleLes om oss!skilleTopp promo Sportskille_slutt
Toppbanner Møre og Romsdal sport 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Møre og Romsdal > Sport NRK Møre og Romsdal Sist oppdatert 14:08
VÊR
TRAFIKK
Siste nytt frå distriktskontora i NRK NRK Finnmark NRK Troms NRK Nordland NRK Trøndelag NRK Møre og Romsdal NRK Hedmark og Oppland NRK Sogn og Fjordane NRK Hordaland NRK Rogaland NRK Sørlandet NRK Østlandssendingen NRK Østfold NRK Buskerud, Telemark og Vestfold Siste nytt frå distriktskontora i NRK Siste nytt frå distriktskontora i NRK
 
SØK LOKALT PÅ:
 
 

Bjerkeli misser VM

Det blir ingen plass på VM-laget for skisprinteren Håvard Bjerkeli frå Isfjorden.

Av Ivar Eidheim. Publisert 24.01.2005 08:16.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:

Nedtur

Håvard Bjerkeli. Foto: Scanpix.
I det avgjerande rennet i Oberstdorf i helga gjekk det ikkje fort nok, og dermed må Bjerkeli sjå VM frå godstolen.

– Det var ein veldig nedtur det, men viss ein ikkje er god nok så har ein ikkje noko i VM å gjere heller, seier ein skuffa Håvard Bjerkeli.

VM-håpet brast

Håvard Bjerkeli var eit av dei store VM-håpa i sprint framfor denne sesongen, men i helga brast håpet om plass på det norske VM-laget. I staden fekk Trond Iversen og Odd-Bjørn Hjelmeset dei to siste plassane. Det svir for ein konkurransemann som Bjerkeli.

– Det er absolutt ikkje ifølgje planen, seier Bjerkeli.

Fleire konkurransar

Det er likevel nok av konkurransar framover sesongen å ta tak i. Det Bjerkeli er oppteken av no er å halde kontroll på skadane han har slite med og kome i form til ei bra avslutning på sesongen.

Siste saker:

 
10 SISTE FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
5 SISTE SPORT FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no