|
Ulf Morten Aune (Foto: Bjørn Sigurdssøn/ Scanpix) |
Trenaren for sprintlandslaget i langrenn, Ulf Morten Aune, har framleis stor tru på Håvard Bjerkeli frå Isfjorden, sjølv om han ikkje får billett til OL i Torino.
I går blei det klart at Bjerkeli er vraka frå OL-laget i sprint.
Fire utøvarar er tekne ut, og Bjerkeli blei vraka fordi andre har prestert betre, seier Aune.
Aune seier han kunne ha venta til etter NM, men han vil at dei som blir tatt ut skal få tid til å førebu seg.