skilleRadio på nettskilleLes om oss!skilleTopp promo Sportskille_slutt
Toppbanner Møre og Romsdal program 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Møre og Romsdal > Program NRK Møre og Romsdal Sist oppdatert 15:47
NRK Møre og Romsdal
6025 ÅLESUND
Tlf 70 11 52 00
Distriktsredaktør:
Vevredaktør:

 

Tusenvis av peparnøtter i Solemdalen

Peparnøtter i Solemdalen, sandkaker i Kristiansund, smultringar og hjortetakk - ta for deg av julebaksten frå "Mat med Mindor"!

Av Odd Sørås. Publisert 17.12.2004 13:52.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:







Dei sju sortane

Vi snakkar ofte om "dei sju sortane" småkaker. Men kva sortar det er, varierer frå stad til stad og familie til familie. I 1998 heldt Nitimen ei folkeavrøysting om dei sju sortane, og desse blei kåra: sandkaker, sirupsnippar, berlinerkransar, goro, fattigmann, krumkaker og smultringar.

Men mange vil seie: kva med kokosmakronane? Serinakakene? Peparkakene?

Sandkaker

Mindor nemnde i radioprogrammet at det kan vere eit problem at sandkakedeigen sig ned i formene. Det har Kirsti Gjeldnes i Kristiansund aldri opplevd. Her er oppskrifta hennar:
250 g margarin
150 g melis
1 egg
26 g potetmjøl
350 g kveitemjøl
Om du vil: litt grovhakka mandlar

Vi gløymde å spørje Kirsti Gjeldnes om steiketid og temperatur, men etter å ha sett på ein haug med andre sandkakeoppskrifter, vil vi tru at ca. 15 minutt ved 180 grader skulle gå bra.

*******

Peparnøtter

Inger Talsethagen frå Solemdalen driv storproduksjon av peparnøtter til kvar jul. Rekordåret var 1988; då laga ho 4800! I år er det berre blitt nesten 4000, seier ho. Dei er fine å bruke som julegåver, og dei kan sugast og knaskast til langt ut på nyåret. Detaljane i oppskrifta skal Inger Talsethagen få ha for seg sjølv, men her er ingrediensane:

Sirup, sukker, smør, 2 egg, 4 ss fløyte, stjerneanis, korianderfrø (kan kjøpast på apoteket), kardemomme, pepar og natron. Rull deigen til lange stenger, hakk opp og trill eit peparnøttemne med kvar hand. Ho lagar dei så store som ein liten veslefingernegl.

*******

Hjortetakk og smultringar

Er hjortetakk og smultringar det same, eller? Vi stilte spørsmålet etter å ha granska våre eigne minne frå eit livs julebakst og ei rekkje oppskriftsbøker. Somme meiner at skilnaden er stor, andre at det nesten er det same. Bruk lydlenkja ovanfor og høyr meiningsytringane i "Mat med Mindor".

Bakgrunn: Matmannen Mindor (01.09.2003)
Siste saker:
Flere saker: ALT OM MAT

 
10 SISTE NYHEITER FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
5 SISTE SPORT FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no