skilleRadio på nettskilleLes om oss!skilleTopp promo Sportskille_slutt
Toppbanner Møre og Romsdal program 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Møre og Romsdal > Program NRK Møre og Romsdal Sist oppdatert 15:47
NRK Møre og Romsdal
6025 ÅLESUND
Tlf 70 11 52 00
Distriktsredaktør:
Vevredaktør:

 

Korleis koke rogn? Korleis lage brunkål?

Det viser seg at det er mange måtar å koke rogn på, og at brunkål er ein gammal og god matrett som er velsmakande og enkel å lage.


Publisert 25.04.2005 14:47.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:





Av Odd Sørås

I eit par program har mange lyttarar ringt oss om rogn. Brukar du lydlenkja ovanfor, kan du høyre "Mat med Mindor" frå 21. april. Her er nokre av dei gode tipsa som lyttarane ringde inn.



Korleis skal ein koke rogna?

Mange har opplevd at det kan vere vanskeleg å få til. Her er nokre gode råd frå lyttarane:


Bruk saltlake
Erna Sandøy lagar ein lake av salt og kaldvatn - ca. 1 dl salt til 1 l vatn - og let rogna liggje i den bortimot ein time. Saltlaken gjer rognhinna fastare slik at ein ikkje treng å pakke ho inn.

Etter lakebehandlinga legg du rogna i rikeleg med kaldt vatn med litt salt i og kokar ho opp sakte. Er du no varsam med kokinga, sprekk ikkje rogna.


Trekkje, ikkje koke
Edny Dybdal legg rett og slett rogna i kaldt vatn, tilset salt og varmar sakte opp. Dersom rogna berre får trekkje, ikkje koke, sprekk ho ikkje. Men då må rognhinna vere heil!


Koke i plastposar
Marie Reitan gir dette rådet: Vask rogna godt i rennande vatn og legg ho i to kvalitetsfryseposar, den eine utanpå den andre. Ha nedi ei lita klype salt og ei matskei med vatn. Heng posane med rogna på kanten av kasserollen og la dei koke. Det er viktig at posane er opne så dampen får sleppe ut. No ligg rogna og kosar seg i si eiga kraft og blir ikkje utvatna.


Bak rogna i steikjeomn
Aslaug Rønning legg rogna tørt i ei eldfast skål og har nedpå salt, pepar og eit par smørklattar. Let det stå i steikjeomnen utan lokk passe lenge i ca. 200 grader. På denne måten synest ho rogna blir mykje betre enn når ein steikjer ho.


Mindors måte
Mindor brukar å pakke rogna i plastfolie før han kokar ho - det brukar å gå bra...


Rognvaflar
Jenny Viddal mintest rognvaflar/rognbakels frå krigens dagar. Dette var ein rett vi nylanserte i "Mat med Mindor" for to år sidan, så her er dagens repriseoppskrift:

Mindors rognbakels

300 g rå rogn
2 egg
3 dl H-mjølk
2 ss sukker
1/4 ts salt
kveitemjøl til passe røre

Reins rogna for hinner og mos ho med ein visp. Rør inn egg, sukker og kveitemjøl. Justér til slutt røra med kveitemjøl.

*****

I denne oppskrifta er det brukt egg. Etter programmet Mat med Mindor onsdag 9/4 2003 var det eit par lyttarar som ringde og sa at det eigentleg ikkje skal vere egg i rognbakels - rogna skulle nettopp erstatte egga i røra! Men du som har lyst til å lage rognbakels, kan jo prøve begge delar. Tradisjonelt har nok rognbakels vore laga både med og utan egg; såleis har kokeboka "Fra bestemors kjøkken" ei oppskrift på rognvaflar frå Eide der egg er med.

*****

Ingrid Trondstad frå Stranda ringde oss og fortalde om ein annan gammal rett som truleg er gått av bruk:

Brunkål

Ingrediensar: kålhovud og lettsalta sideflesk med godt med kjøt i. 1 1/2 kg flesk til 8 personar.

Skjer kålen i strimlar som ikkje er for tynne. Legg alt i ei stor panne med rikeleg vatn til forvelling - ca. 3 minutts koking skulle vere rikeleg. Hell av vatnet og slå kaldt vatn over. Press vatnet ut av kålen med eit klede så han blir så tørr som råd.

Skjer flesket i 1/2 cm tjukke skiver og brun det godt i panna. Slå det så over i ei jerngryte. Etterpå legg du kålen i gryta og strør over ei lita matskei karve. Plata må ikkje vere for varm. Vend brunkålen med ei treskei av og til. Lat det surre ei god stund til kålen får brunfarge. Server brunkålen med varme, mjølne potetar.


"Mat med Mindor" tek pause

frå 21. april til litt ut på hausten. Dei fleste torsdagsettermiddagane i tida framover sender vi hageprogrammet "Grøn ettermiddag" mellom kl. 16.33 og 17.00. Her kan folk ringje til NRK Møre og Romsdal og snakke med hageentusiast Anne Britt Myrseth og programleiar Odd Sørås.

Du kan gjerne ringje hagespørsmåla dine til telefonsvararen vår:
811 50 520.



LENKER
 
 
Bakgrunn: Matmannen Mindor (01.09.2003)
Siste saker:
Flere saker: ALT OM MAT

 
10 SISTE NYHEITER FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
5 SISTE SPORT FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no