skilleRadio på nettskilleLes om oss!skilleTopp promo Sportskille_slutt
Toppbanner Møre og Romsdal program 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Møre og Romsdal > Program NRK Møre og Romsdal Sist oppdatert 15:47
NRK Møre og Romsdal
6025 ÅLESUND
Tlf 70 11 52 00
Distriktsredaktør:
Vevredaktør:

 

Spekekjøt på mange måtar

Fenalåret kan brukast på fleire måtar enn du kanskje trur - "Mat med Mindor" har ideane og oppskriftene!

Av Odd Sørås. Publisert 28.10.2005 15:12.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:









Mat med Mindor
i NRK Møre og Romsdal
torsdag kl. 16.33 - 17.00
kokk: Mindor Klauset
programleiar: Odd Sørås


Har du tips om tema vi bør ta opp i Mat med Mindor, så send oss nokre ord: Skriv til Mat med Mindor

eller ring telefonsvararen vår: 811 50 520


I programmet torsdag 27.10.05 fekk vi mange tips frå lyttarane våre om korleis vi kan variere bruken av spekekjøttet (fenalåret). Bruk lydlenkja ovanfor og høyr innringjarane og Mindor fortelje om mat så du blir våt i munnen! Her finn du ein kortversjon av oppskriftene.

Foto: Opplysningskontoret for kjøtt




Gerd Skjortnes, Sykkylven:

Spekekjøtbitar i stappe

Skjer spekekjøtet i bitar og steik dei. Lag potetstappe, salt stappa etter kor salt kjøtet er og bland bitane oppi. Server med flatbrød attåt.

Gerd fortel også at dersom du har god varme i omnen, kan du skjere deg ei skive spekekjøt, tre det på ein pinne og la det frese litt i omnen. Legg det på flatbrød og et medan det er varmt.





Bjørg Rosenkilde, Ålesund:

Spekekjøt som snacks

Bruk skiver av fenalår i lag med
1)grøn asparges og Snøfrisk-ost
2)oliven og litt brie











Berit Gjøstøl, Smøla:

Spekekjøt og rømmegraut

Berit har bakgrunn i den gamle slåttagrauttradisjonen. Ho vil ha rømmegraut med mykje sukker og kanel og dertil spekekjøt med poteter! Elles kan ein gjerne brukte steikt spekekjøt attåt ball i staden for flesk.





Thorill Nilsen, Volda:

Spekemat i fondy

Bruk oppskore spekekjøt, spekemorr og dampepølse. Dypp kjøtet i fondygryta (kokande olje), legg det på flatbrød og et det med kalde, kokte poteter og rømme til. Dette hadde dei på kosekveldar før jul då borna var små, fortel Thorill Nilsen.


Tove Blindheim, Åse i Ålesund:

Steikt spekekjøt

Skjer skiver av fenalår og spekeskinke og kok dei ut i vatn. Etterpå steikjer du kjøtet og serverer det med kokt potet og godt med feitt.

(Programleiaren vil gjerne leggje til at i hans barndom var dette ein vanleg måte å bruke spekekjøtet på. Steikt spekekjøt er utruleg godt, men det bør absolutt kokast ut på førehand, då blir det ikkje så salt og dessutan litt mørare.)


Solveig Lothe Barstad, Barstadvika:

Spekemat à la Rena

Denne oppskrifta lærte ho på Rena i Østerdalen for nokreogtjue år sidan:

Server spekeskinke i kvit saus med nykokte, karva potetbitar og grasløk oppi. Spesielt godt er det om du strør litt karri oppi smøret før du lagar kvitsausen. Denne oppskrifta passar like godt til spekekjøt, seier Solveig, så no lagar ho denne retten med spekeskinke om sommaren og spekelår om vinteren.


Svein Overå, Ålesund:

Omnsbakt spekekjøt

På 1970-talet budde han i Göteborg. Der var det vanskeleg å få tak i fenalår, men ei oppskrift med dansk "røget fårekølle" gav slik meirsmak at han då han kom heim att prøvde sauelår. Resultatet var aldeles framifrå!

Skjer opp spekelåret inntil beinet med ca. 1,5 cm mellomrom. Legg det i vatn i eitt døgn, skift vatn 3-4 gonger i løpet av det døgnet. La det for all del ikkje liggje i rennande vatn!

Før la han brunost over låret før steikinga, no synest han Snøfrisk-ost med einersmak er endå betre. Dekk låret med ost, pakk det i aluminiumsfolie og legg det i omnen. La det godgjere seg lenge, og ver forsiktig med varmen. Om lag fire timar ved 120 grader kan vere passe.

Attåt kan du servere steikt potet og f. eks. rosenkål.



Spekepanne frå Engerdal

Rønnaug Koksvik frå Tingvoll er oppvaksen i Engerdal og har oppskrifta derifrå.

Kok ut passe tjukke spekekjøtskiver. Legg dei i panna i lag med finhakka løk og la dei bli passe gylne. Så lagar du ei jamning av mjølk/fløyte og mjøl og slår i panna. La det stå og surre ei stund. Denne sausen blir så god og smaken på denne retten så herleg at ein treng ikkje anna enn potet attåt, forsikrar Rønnaug.


LENKER
Bakgrunn: Matmannen Mindor (01.09.2003)
Siste saker:
Flere saker: ALT OM MAT

 
10 SISTE NYHEITER FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
5 SISTE SPORT FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no