skilleRadio på nettskilleLes om oss!skilleTopp promo Sportskille_slutt
Toppbanner Møre og Romsdal program 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Møre og Romsdal > Program NRK Møre og Romsdal Sist oppdatert 15:47
NRK Møre og Romsdal
6025 ÅLESUND
Tlf 70 11 52 00
Distriktsredaktør:
Vevredaktør:

 

Tekaker, timper, skilpadder og grovkaker

Denne gongen handlar "Mat med Mindor" mest om ålesundske spesialitetar, men jamen kom det med ein vigra-amerikansk godbit også...

Av Odd Sørås. Publisert 08.11.2005 15:35.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:





Mat med Mindor kan du høyre torsdag ettermiddag kl. 16.33 i NRK Møre og Romsdal.
Skriv til Mat med Mindor


Tekaker

Dei er nok ikkje spesielt ålesundske, nei, men det kan godt hende at tekaker er meir populære enn mange andre stader. Byhistorikar Harald Grytten fortel forresten at Vestnes er kjent for sine gode tekaker, så gode at ålesundarar reiser dit for å kjøpe tekaker, blir det hevda!

Enkelt sagt er tekaka ein kveitedeig som blir kjevla flat, toppa med hakka mandlar, sukker og litt smør og steikt i omn slik at toppen blir krokanaktig. Vil du ha ei meir presis oppskrift, kan vi anbefale denne - ho er henta frå "Vårt norske kjøkken" (KOM forlag, Kristiansund 1993). Boka er utseld frå forlaget, men kan kanskje skaffast antikvarisk.

5 dl mjølk
50 g gjær
150 g smelta smør
500 g kveitemjøl
100 g sukker
4 sitrondråpar
50 g korinter
50 g sukat

Til toppinga treng du smelta smør, sukker, kanel og hakka mandlar.

Rør ut gjæra i lunka mjølk. Smelt smøret og slå det i saman med dei tørre ingrediensane. Elt deigen. Så kjevlar du han ut på smurt plate. Skjer ca. 2 cm djupe snitt med 1 cm mellomrom rundt kanten og brett inn slik at du får ein opphøgd kant. La deigen heve i 45 minutt.

Pensle kaka med smelta smør. Strø sukker, kanel og hakka mandlar over. La steikeomnen gå opp til 200 grader. Set kaka inn og steik ho i ca. 30 minutt.


Timpe

Timpe er nok meir spesielt ålesundsk enn tekaka, men timpa har fjerna seg ein del frå det opphavlege, iallfall i forma.

Dette er også ei kveitemjølskake med fyll i som du i dag helst kjøper i stenger. Ordet "timpe" kjem av eit nederlandsk ord som tyder "patte". Riksmålsordboka definerer "timpe" slik: lite, avlangt hvetebrød med kjegleformet, pattelignende fremspring (knopp) på hver av de spisse ender.

Ei ekte timpe skal altså vere spissa i endane og ha ein liten knopp i kvar ende. Vi veit at timpe har vore brukt i Bergen, det ser vi av denne artikkelen: Bergensbrød


Skilpadder

Ei skilpadde består av to små, runde sukkerbrød med vaniljekrem(eggekrem) mellom. Somme brukar melisglasur oppå. Skal også vere kjent andre stader i landet, men kan nok reknast for ein ålesundsspesialitet likevel.



Grovkake

Grovkaka er eit biprodukt av andre bakverk. Når bakarane lagar grovkake, brukar dei smular og restar av sukkerbrød, wienerbrød og slikt. Dette mel dei i ei mandelkvern og eltar det i lag med sukker, margarin og mjøl, litt kanel, litt vatn og hjortetakk til hevinga. Dei kjevlar ut deigen, stikk ut runde kaker og lar dei heve seg nokre cm før dei steikjer dei. Melisglasur oppå + evt. pynt.



Sitronpai frå Colorado og Vigra

Kaare Haahjem frå Vigra ringde til "Mat med Mindor" om ein paioppskrift som bestemor hans hadde med seg frå Denver, Colorado i 1900 då ho kom heim att etter nokre års Amerika-opphald. Sidan har denne paien vore populær på Vigra, og i dag er det ikkje noko fint selskap på øya utan at denne paien blir servert! Her er oppskrifta frå Kaare Haahjem:

Paien lages i en rund form av den typen som kan åpnes i sidekanten. Den lages slik:

Bunnen
Lag en blanding av ca. 250 g siktet hvetemel og like stor vektdel margarin eller smør. Dette knas sammen, helles utover bunnen og strykes noen centimeter oppover kantene av formen. Steik den i ovnen ved ca. 175-200 grader. Ta den ut.

Fyll
Fire eggeplommer røres sammen med 1 dl farin og spes ut med ca. 1 liter vann. Visp inn potetmel. Bland i saften av to sitroner. Dette kokes opp og fylles i formen over den ferdigstekte bunnen.

Toppfyll
Stivpisk fire eggehviter sammen med 1, 5 dl. farin. Hell blandingen over det som er i formen fra før.

Steking
Formen settes deretter i stekeovnen igjen. Varmen må være en del lavere enn da du stekte bunnen. Her står det hele og godgjør seg inntil man ser at toppen av innholdet i formen er lysebrunt.

Den ferdige paien tas ut ved å åpne formens sidekant.

God appetitt!


LENKER
 
 
 
 
Bakgrunn: Matmannen Mindor (01.09.2003)
Siste saker:
Flere saker: ALT OM MAT

 
10 SISTE NYHEITER FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
5 SISTE SPORT FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no