skilleRadio på nettskilleLes om oss!skilleTopp promo Sportskille_slutt
Toppbanner Møre og Romsdal program 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Møre og Romsdal > Program NRK Møre og Romsdal Sist oppdatert 15:47
NRK Møre og Romsdal
6025 ÅLESUND
Tlf 70 11 52 00
Distriktsredaktør:
Vevredaktør:

 

Flatbrød, vørterbrød, sirupsteik og gløgg...

Å lese om mat kan vere som å lese dikt - iallfall dei oppskriftene vi brukte i programmet "Julemat med Mindor". Les og nyt!

Publisert 19.12.2005 15:03.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:





Av Odd Sørås

Gjest hos Mindor Klauset og Odd Sørås denne torsdagen var programmets mathistorikar, konservator Per Sæther ved Sunnmøre Museum. Han fortalde bl. a. om vørterbrødet han hadde baka til den tradisjonelle førjulssøndagen på museet.

Vørter hadde alle i den tida ølbrygging var ein fast juletradisjon. Denne oppskrifta er frå Hordaland, truleg frå 1700-talet, og det var ikkje vanlege bygdefolk som baka slikt den gongen. Dei hadde ikkje krydder og kveitemjøl, som ikkje kom i vanleg bruk før mot slutten av 1800-talet. Helst stammar ho nok frå ein prestegard, derfor kallar vi oppskrifta

Vørterbrød fra de gamle prestegaarde

Foto: Opplysningskontoret for meieriprodukter
0,3 Pot Flødemelk (3 dl)
0,5 Pot Vørterøll (5 dl)
50 g Jester (gjær)
0,1 Pot stødt Canariesukker (1 dl)
0,2 Pot mørk Sirup (0,2 dl)
1 Ts Salt
1 TS Anis
1 Ts Nelliker
1 Ts Peber
1 Ts Kardemomme
0,1 à 0,2 Pot Corinter eller Rosiner (1-2 dl)
0,8 Pot Rugmeel (8 dl)
0,8 Pot Hvedemeel (8 dl)

I Flødemelken kommer Øllet, Sukker, Sirup og Krydderier samt Corinter, hvorefter det Heele varmes lunkent og jesteren kommer der udi. Brød Deigen æltes og sættes til Hævning een Time. Del Deigen i trende lige store Stykker og lad efterhæve een Time. Steges pent brune midt i Ovnen.

Vørterbrødet må etast med godt smør til. Geitost på brødet smakar framifrå. Mange synest det høver godt attåt sild (kryddersild).



Flatbrød

Mindor hadde vore heime på Klauset på Otrøya og baka flatbrød i helga. Resultatet vart eit tynt, sprøtt, nesten gjennomsiktig brød. Han brukar ikkje oppskrift, men seier at mjølblandinga består av ca. 2/3 havremjøl og 1/3 kveitemjøl, og så vatn.

Flatbrødet er det eldste brødet vi kjenner, det har vore baka her i landet iallfall sidan bronsealderen, seier Per Sæther. Det er mjølet som gjev smak til brødet, derfor kan vi variere smaken med å bruke ulike mjølsortar. Mange stader i landet lagar dei flatbrød med ertermjøl.

Judith Blomvik Stene på Fiskarstranda gav oss denne oppskrifta:

Judiths flatbrødoppskrift
600 g byggmjøl
200 g grovkveite
200 g fin rug
1 ts salt
Ca. 7 dl vatn

Dette flatbrødet blir lett å bake, seier Judith, som elles minner om at flatbrød må oppbevarast tørt og kaldt - ikkje i kjellaren, heller på loftet. Men dette passa betre før i tida, då lofta var luftige!


Sigmund Eide har sendt oss denne oppskrifta med e-post:

Gammal flatbrødoppskrift frå Sogn
Foto: Opplysningskontoret for meieriprodukter

1,5 kg kokt potet
5 dl kefir
1 1/2 ts salt
300 g sammalen grovkveite
300 g fin rug
300 g bygg

Bland i halvparten av mjølet og la deigen stå i kjøleskåp natta over. Tilset resten av mjølet. Bruk byggmjøl til utkjevling. Leivane må vere tynne!


Kva var siktamjøl?
Alma Furset frå Batnfjorden fortalde at før brukte ho å kjøpe siktamjøl når ho skulle bake lefse, men denne mjølblandinga er ikkje å få lenger. Ho spurde: kva mjølsortar blei brukte i siktamjølet, og kva var blandingsforholdet? Ingen av dei tre i studio kunne svare henne, men heldigvis fekk vi hjelp av Arnfrid Snipsøyr i Volda, som såg etter i "Husmorboka" og fann ut at siktamjøl er 85 % rug og 15 % kveite med 78 % utmaling.


Randi Molnes frå Harøya gav oss ein svært appetittvekkjande leksjon i å lage denne spesielle julemiddagen, som skal stamme frå Otrøya.

Sirupsteik

Kvelden før legg du i vatn pinnekjøt, svineribbe, grisemør, tørrmør, gjerne litt oksekjøt og dessutan spekekjøt om du har. Julaftan let du alt stå og trekkje eit par timars tid. Så tek du opp så mykje du får plass til, legg det i steikepanna og let det brese ei lita stund. Så strør du litt anis på, og så slår du sirup over. Deretter heller du på det øvste laget av krafta kjøtet har trekt i. Dette let du stå og surre ei stund før du heller det over i ei jarngryte som står og held seg varm i ovnen, og så fyller du steikepanna på nytt....

Randi Molnes brukar vanleg kål attåt.


Elles snakka vi om juledrikkar som gløgg og bisp , her er ei nettside med gode oppskrifter:

Gløgg, bisp og solbærtoddi

Fleire oppskrifter:

TINEs matoppskrifter

matoppskrift.no

LENKER
Bakgrunn: Matmannen Mindor (01.09.2003)
Siste saker:
Flere saker: ALT OM MAT

 
10 SISTE NYHEITER FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
5 SISTE SPORT FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no