skilleRadio på nettskilleLes om oss!skilleTopp promo Sportskille_slutt
Toppbanner Møre og Romsdal program 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Møre og Romsdal > Program NRK Møre og Romsdal Sist oppdatert 15:47
NRK Møre og Romsdal
6025 ÅLESUND
Tlf 70 11 52 00
Distriktsredaktør:
Vevredaktør:

 

Videseterkjeks og annan julebakst

No like før jul er det julebaksten som fyller radioprogrammet "Mat med Mindor" - og ikkje berre dei vanlege sju sortane!

Av Odd Sørås. Publisert 13.12.2004 12:04. Oppdatert 13.12.2004 12:09.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:







Videseterkjeks

Thorill Nilsen i Volda fortalde oss om den vidgjetne Videseterkjeksen, som har lange tradisjonar frå Videseter hotell i Stryn. Kjeksen blei vanlegvis brukt attåt ettermiddagskaffien, og skal vere svært god. Her er oppskrifta:

2 koppar lettkokte havregryn
1 kopp rosiner
1 kopp malne mandlar
1 kopp kveitemjøl
1 kopp smelta margarin eller smør
1 kopp sukker
1 ts kanel
1 ts nellik
1 ts natron
6-7 ss fløyte

Rør alt i hop i ein bolle. Legg kjeks-emna på smurt plate eller bakepapir med ei teskei. Ikkje legg dei tett - dei flyt utover. Steik dei i om lag 20 minutt ved 180-200 grader. La dei kolne og stivne på plata før du tek dei av, så blir dei heilt sprø.


Mandelmakronar og andre gode idéar

Helge Mjelve frå Molde gav oss mange gode idéar i "Mat med Mindor" 8. desember. Mjelve fortalde at han lagar fattigmann av 18 egg, av dei tre heile egg og 15 eggeplommar. Kva gjer han så med dei 15 eggekvitane? Jau, han lagar kokosmakronar, men for at det ikkje skal bli eit enormt lager av kokosmakronar, brukar han ein del av eggekvitane til mandelmakronar! Mandlane raspar han, men før det skåldar han dei og lar dei omnstørke i ein time ved ca. 130 grader. (Dei skal vegast før dei tørkar) Legg du denne massen i frysaren, blir han seig og eignar seg til tårnkake!

Elles meiner Mjelve at namnet "fattigmann" må komme av at den som baka han blei fattig i ei tid då råvarene var forholdsvis mykje dyrare enn i dag. Mjelve har rekna ut at i dag kostar ein fattigmann du bakar sjølv 26 øre stykket - då reknar han ikkje med det straumen kostar.

Mjelve har også laga solsikkemakronar av solsikkefrø, vanilje og melis, men solsikkefrøa bør stå til kjøling før du køyrer dei i mandelkverna, elles oljar dei seg...


Bakgrunn: Matmannen Mindor (01.09.2003)
Siste saker:
Flere saker: ALT OM MAT

 
10 SISTE NYHEITER FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
5 SISTE SPORT FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no