skilleRadio på nettskilleLes om oss!skilleTopp promo Sportskille_slutt
Toppbanner Møre og Romsdal program 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Møre og Romsdal > Program NRK Møre og Romsdal Sist oppdatert 15:47
NRK Møre og Romsdal
6025 ÅLESUND
Tlf 70 11 52 00
Distriktsredaktør:
Vevredaktør:

 

Irish stew og gulrotkake

Irish stew og gulrotkake har eitt til felles: Begge inneheld grønsaker! Her er oppskriftene frå radioprogrammet "Mat med Mindor" den 17. november.


Av Odd Sørås. Publisert 29.11.2004 14:08.







Irish stew

Irish stew blir kalla irane sitt svar på fårikål. Solveig Stavnes frå Kristiansund ringde til "Mat med Mindor" og gav oss denne oppskrifta:

1 kg kjøt av sau eller lam, helst bog
1 kg potet
1/2 kg gulrot
4 middels store løkar
1/2 kg hovudkål
1/2 ts timian
1 ss salt
1/2 ts pepar
vatn
ein masse persille

Skjer alt i tynne, pene skiver (unntaket er poteten, den må skjerast i skivar som er så tjukke at dei ikkje kokar sund). Legg ingrediensane lagvis i kasserollen med krydder imellom. Hell i vatn til det dekkjer omtrent halvparten. Kok ved svak varme eit par timar (ikkje rør i maten, men skak kasserollen så det ikkje legg seg i botnen), eller bruk ei eldfast form og set det i steikeomnen i eit par timar ved 175 grader.

EIT GODT RÅD MOT SUNDKOKING AV POTET
fekk vi frå Oddbjørg Olsen: Dersom vi først steikjer potetskivene i omnen ved ca. 200 grader i 10 minutt, kokar dei ikkje sund!


Liv Roksvaags gulrotkake

På Kårvåg, der Liv bur, er denne kaka svært populær:

Visp eggedosis av
4 egg
3 dl sukker

Så blandar du
3 dl kveitemjøl
2 ts natron
1 ts salt
1 ts vaniljesukker
2 ts kanel
og rører det i eggedosisen.

Så blandar du i 4-5 rivne gulrøter og til slutt 1 - 1,5 dl soyaolje.

Hell blandinga i ei 24-26 cm form og steik gulrotkaka på 190 grader i ca. ein time.

FYLL:
100 g fløyteost (Filadelfia)
1 ts vaniljesukker
50 g smør
100 g melis

Rør dette i ein bolle til det er fritt for klumpar og smør det på kaka. Nam nam!


"Mat med Mindor" er på lufta kvar onsdag kl. 1130 i NRK Møre og Romsdal!


Bakgrunn: Matmannen Mindor (01.09.2003)
Siste saker:
Flere saker: ALT OM MAT

 
10 SISTE NYHEITER FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
5 SISTE SPORT FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no