Fiskemat av frosenfisk blir ikkje alltid vellykka, men radioprogrammet "Mat med Mindor" gir deg gode råd!
Mat med Mindor
- kvar onsdag formiddag mellom 11.30 og 12.00 i NRK Møre og Romsdal. Radiokokk Mindor Klauset og programleiar Odd Sørås pratar om mat med gjester i studio og lyttarar som ringjer til programmet.
Telefonnummeret til "Mat med Mindor" onsdag formiddag fram til programmet er over klokka 12.00:
70 11 52 00
*****
Elles kan du når som helst på døgnet ringje den automatiske telefonsvararen til "Mat med Mindor": 811 50 520
*****
Du kan også skrive til oss; postadressa er "Mat med Mindor", NRK, 6025 ÅLESUND.
*****
Vil du sende oss nokre ord med e-post, klikkar du her:
Skriv til "Mat med Mindor"
*****
Det er som oftast lyttarane som avgjer kva "Mat med Mindor" skal handle om. Onsdag 14. april blei det aller mest om korleis ein kan lage god fiskemat av frosenfisk. Det går ikkje alltid like bra, men vi fekk mange gode råd frå lyttarane. At råda til dels var motstridande, er berre interessant - det viser at det finst få fasitsvar når det gjeld matlaging.
Tining, tinekraft, salt osv.
Ta vare på den krafta som renn ut av frosenfisken når han tinar, seier Mindor Klauset. Denne krafta blandar du så i røra når du lagar fiskematen. Andre seier: - La fisken tine berre akkurat så mykje at du får kniven gjennom han. Køyr han lenge i miksaren, gjerne 10 minutt eller lenger. Desse og andre råd får du med deg dersom du lyttar på programmet; klikk på lydlenkja ovanfor.
Andre spørsmål i dette MMM-programmet:
- Korleis lagar ein klippfiskbollar?
- Korleis kan ein som ikkje fordrar løk erstatte løken i mat som f. eks. bacalao?