skilleRadio på nettskilleLes om oss!skilleTopp promo Sportskille_slutt
Toppbanner Møre og Romsdal program 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Møre og Romsdal > Program NRK Møre og Romsdal Sist oppdatert 15:47
NRK Møre og Romsdal
6025 ÅLESUND
Tlf 70 11 52 00
Distriktsredaktør:
Vevredaktør:

 

Sekkjepose og gammelsei

To svært ulike rettar - den eine kan lagast på eit par timar, den andre treng eit par år!




Av Odd Sørås. Publisert 13.04.2004 11:28.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:





Mat med Mindor

Dette radioprogrammet kan du høyre i NRK Møre og Romsdal kvar formiddag mellom kl. 11.30 og 12.00. Programmet frå 7. april kan du høyre ved å klikke på lydlenkja ovanfor.

Der fortel Lars Kaggerud om

gammelsei -

ein rett som gir mange intens nyting (ca. 2 minutt ut i programmet)

Margit Dalseth snakkar om sekkjepose (ca. 9 minutt)

Rolf Lange fortel om den årlege sekkjeposefesten i Vistdal (14.30)

Arne Ola Grimstad i Ørsta har meir å fortelje om gammelsei (17.15).


Sekkjepose

Sidan sekkjepose er ein rett som ser ut til å ha Vistdalen som heimstad, skal vi ta med ei oppskrift på den. Retten skal kokast i spesielle posar som du kan få kjøpt i slakteriforretningar. Det går visstnok også an å bruke lerretsposar.

Slik lagar Margit Dalseth sekkjepose:

Om lag 1 kg potet
250 g spekekjøt (lam/sau)
250 g lettsalta sideflesk
Somme brukar spekemorr. Kjøtdeig kan også blandast i. Her må ein la sin eigen smak råde!
Salt og pepar
(Somme brukar litt timian, ein kan også ha ein løk oppi.)
Nokre matskeier byggmjøl og kveitemjøl.

Mal poteten og kjøtet saman. Somme vil helst ikkje male spekekjøtet, men skjere det i bitar. Røra skal vere litt lausare enn ballrøre. Fyll farsen i posar, legg dei i kokande, lettsalta vatn og la dei trekkje i 1 til 1 1/2 time.

Attåt kan du servere kålrot og gulrot og smelta smør - ekstra godt blir det dersom du har steikt litt spekekjøt i smøret. Baconfeitt går også bra.

Blir det noko til overs, kan du skjere sekkjeposen i skiver og steikje neste dag.

Margit Dalseth fortel at i hennar oppvekst i Eresfjorden var sekkjepose å rekne som kvardagsmat. No er det nok meir blitt festkost.

Bakgrunn: Matmannen Mindor (01.09.2003)
Siste saker:
Flere saker: ALT OM MAT

 
10 SISTE NYHEITER FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
5 SISTE SPORT FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no