skilleRadio på nettskilleLes om oss!skilleTopp promo Sportskille_slutt
Toppbanner Møre og Romsdal program 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Møre og Romsdal > Program NRK Møre og Romsdal Sist oppdatert 15:47
NRK Møre og Romsdal
6025 ÅLESUND
Tlf 70 11 52 00
Distriktsredaktør:
Vevredaktør:

 

Fleire fine fiskemiddagar

Radioprogrammet "Mat med Mindor" byr på ei ny samling av enkle, men delikate oppskrifter frå lyttarane våre. Les oppskriftene, høyr programmet, velkommen til bords!

Av Odd Sørås. Publisert 02.02.2004 15:38.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:







Mindor Klauset på kjøkkenet





Høyrer du på radioprogrammet "Mat med Mindor" som du kan gjere ved å klikke på lydlenkja ovanfor, får du høyre mykje interessant som ikkje kjem med i oppskriftene nedanfor!



I "Mat med Mindor" onsdag 4. februar litt over klokka 11.30 i NRK Møre og Romsdal i P1:

Fiskemat på mange måtar

Ring eller skriv til oss oss om dine oppskrifter og tips om korleis ein skal lage god fiskemat: fiskekaker, sildekaker, fiskebollar, blandaball...

Skriv til "Mat med Mindor"


Oppskrifter frå "Mat med Mindor" onsdag 28/1


Kva kan ein ikkje bruke røykt torsk til? Prøv denne oppskrifta frå Rigmor Lindgaard i Ålesund:

Rigmors røykte torsk

Legg røykte torskefiletar med skinnet på i vatn nokre timar. Ta dei opp og tørk dei. Er det bein i dei, dreg du beina ut med pinsett. Riv skinnet av.

Legg nokre smørklattar i ei eldfast form. Legg filetane med skinnsida ned og steik dei i omnen på 150-160 grader til fisken begynner å dele seg. Ta ut forma og slå rømme over. Bland rømmen lett med krafta som kjem ut av fisken til det blir ein saus av det. Set forma inn igjen og auk varmen litt. Når sausen er lysebrun, er maten ferdig.

Server med kokt potet og gulrotbitar. Det er kombinasjonen av røykasmak og fiskekraft med rømme som gjer denne retten spesiell.

Du kan også bruke hyse, seier Rigmor Lindgaard. Mindor Klauset lurer på om ikkje også blåkveite tillaga på denne måten ville smake godt.

Rigmor Lindgaard gav oss også ei oppskrift på portugisiske klippfiskkaker:

Bolinhos

400 g beinfri, utvatna og kokt klippfisk
100 g løk
kvitløk etter eigen smak
400 g kokt potet
1 egg

Køyr alt dette i ein food processor. Form kakene som små egg, rull dei i grillmjøl, kok/steik dei i olivenolje med god varme.

*****

Øystein Eide på Sjøholt vil slå eit slag for verdas beste fisk: hyse! Ikkje rart at akkurat denne oppskrifta er favoritten hans:

Dampa hyse med meir

Legg hysefiletar på rist over vatn. Vatnet kan blandast med vin, evt. kan du bruke berre vin. Ikkje damp for mykje slik at smaken dampar vekk! Tilset ikkje salt og pepar før fisken er ferdigdampa.

Om vinteren brukar Øystein Eide sitron og dampar den i lag med, men om sommaren legg han syregras i lag med fisken. Det gir ein lett syrleg og fin smak.

Til den dampa fisken serverer han kvitsos med reker og evt. andre godsaker oppi. Paprikasaus er også godt.

Til slutt eit anna godt syregrasråd frå Øystein Eide:

Fiskar du krede (bekkaure), kan du leggje ein syregrasstengel i buken på fisken når du steikjer han eller grillar han i folie. Det gir ein pikant, fin smak.

*****

Alf Rørvik på Vigra har gitt oss ei oppskrift som eg utan vidare kallar

Breiflabb à la Rørvik

Del ein breiflabbhale i passande bitar. Steik han i smør, men utan mjøl. Når fisken er passe steikt, legg du ananas- og sjampinjongbitar i panna og lar dei surre i lag med fisken.

Reinsk reker og kok litt sjy av rekeskala. Rør litt sjy i lag med crème fraîche og slå det over fisken. La det stå og godgjere seg nokre minutt. Fordelen med crème fraîche er at den sprekk ikkje, slik rømmen har lett for å gjere. Du treng ikkje salte eller krydre noko meir, for rekeskalsjyen set nok spiss på smaken.

Mindor Klauset legg til at ein kan få endå meir smak ut av rekeskal dersom ein fresar dei litt før kokinga.

Rekene serverer du attåt - ha dei ikkje oppi panna i lag med fisken! Dessutan kokt potet, sjølvsagt.

I staden for halen kan du bruke kjaken av breiflabben. Denne retten kan også brukast som forrett til ein kjøtmiddag.

*****

Jostein Kronborg frå Sveggesundet i Averøy fortalde i radioprogrammet 28/1 om

Boknafisk av lange

Skjer filet av langa, salt ho litt og heng ho til tørk så ho blir halvtørr. Det er vanskeleg å forklare korleis du skal avgjere når fisken er takande, du bør kanskje rådføre deg med ein ekspert!

Så skjer du boknalanga i skiver, vatnar ho ut og kokar ho. Attåt serverer Kronborg bacon, grøn ertestuing, kokt potet, akevitt og øl. Du kan også bruke bruna løk og potetstappe.

Våren er ei fin tid for å tørke boknafisk, for då er det fritt for makkfluge. Etter henginga kan du leggje fisken i frysaren og hente opp etter behov.

*****

Og til slutt denne gongen ei seioppskrift frå Ellen Sæterøy i Kristiansund:

Å, kor seien smakar!

Pakk seifiletar (småsei er best)med smør i aluminiumsfolie. Dekk seien med tynne skiver av purreløk og gulrot. Legg filetane i langpanne og la dei liggje 20-25 minutt i 250 grader.

Server fisken med potet og kvitsos med litegrann kvitløk.

Enkelt, snarlaga og så godt at du kan svelje tunga di, seier Ellen Sæterøy.



Bakgrunn: Matmannen Mindor (01.09.2003)
Siste saker:
Flere saker: ALT OM MAT

 
10 SISTE NYHEITER FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
5 SISTE SPORT FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no