skilleRadio på nettskilleLes om oss!skilleTopp promo Sportskille_slutt
Toppbanner Møre og Romsdal program 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Møre og Romsdal > Program NRK Møre og Romsdal Sist oppdatert 15:47
NRK Møre og Romsdal
6025 ÅLESUND
Tlf 70 11 52 00
Distriktsredaktør:
Vevredaktør:

 

Barselgraut, persetorsk og steikt fisk med pepar

Prinsesse Ingrid Alexandra vart fødd eit par timar før radioprogrammet "Mat med Mindor" gjekk på lufta 21/1. Då måtte vi sjølvsagt by på barselgraut eller sengjamat attåt fiskemenyen...


Av Odd Sørås. Publisert 26.01.2004 11:29.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:



Har du oppskrifter, tips eller gode råd til radiokokk Mindor Klauset og programleiar Odd Sørås? Send oss nokre ord!

Skriv til "Mat med Mindor"


Britt Walle Ekroll i Ålesund er oppvaksen i Bergen og byr på ein ekte bergensrett som far hennar brukte å lage til 1. juledag:

Persetorsk

Flekk fersk torsk. Bruk midstykket av fisken, bland like store delar sukker og salt og strø over fiskebitane. Legg fiskebitane saman - kjøt mot kjøt - og legg dei i press natta over. Legg torsken i kaldt vatn og la han trekkje opp til kokepunktet. Servér med eggesmør og gulrøter.

*****

John Kuløy i Kristiansund fortalde i radioprogrammet vårt om eit fiskemåltid som fekk følgjer. Den første dagen åt han fersk torsk med lever. Andre dagen hadde han spordstykket igjen, og då gjorde han eit vellykka eksperiment som førte til denne oppskrifta:

Pepartorsk

Mal svart pepar over ein middagstallerken til tallerkenen er nokonlunde svart. La fisken liggje med skinnsida ned på tallerkenen eit par minutt. Legg han så med skinnsida ned på varm steikepanne med smør i. Strø på litt salt og snu han etter ei lita stund. Snu han igjen og la han bli gjennomsteikt. Det blir ein herleg smak, seier John Kuløy.

Han har også prøvd seg med spansk pepar attåt svartpepar på tallerkenen. Sterke saker, men godt!

*****

Barselgraut eller sengjamat

Tradisjonen med å komme med graut, annan mat eller andre gåver til ho som nettopp har fødd eit barn, er enno levande mange stader. Det kunne fleire lyttarar stadfeste. Klikk på lydlenkja ovanfor og høyr dei fortelje, ca. 11 minutt ut i programmet.

*****




Bakgrunn: Matmannen Mindor (01.09.2003)
Siste saker:
Flere saker: ALT OM MAT

 
10 SISTE NYHEITER FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
5 SISTE SPORT FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no